annonse

Heilt kanon med snø på Finnås

: Emilia Eidesvik Våge og Enea Våge Thorsen akar saman.
: Rundt 40 born i alderen 3-6 år var ute og akte i akebakken rett innanfor porten til Espira Finnås barnehage.
: Her er Max Brynjarson Espeland oppteken med å utforska snøen.
: Max Brynjarson Espeland og Simon Lutro akar saman.
: Kjekt å aka, synest Hanna Shoba Mæland og Emilia Eidesvik Våge.
: Her er borna på veg opp att for å aka meir. Sjå den kjekke trekrona i bakgrunnen. Teikn på at snøen ikkje kom frå «oven».

Det vart heilt kanon med snø i Espira Finnås barnehage då Frode Grønnevik overraska borna med snø i bakken frå tysdag morgon.

Grethe Kjøsnes

40 born i alderen tre til seks år fekk seg ei hyggjeleg overrasking då dei kom til Espira Finnås barnehage tysdag morgon denne veka. Frode Grønnevik hadde saman med Helge Larsen funne ut at dei ville testa ut den nye snøkanonen i barnehagen. Det vart i alle fall to ekstra flotte utedagar med mykje aking i bakken. Dei aka anten åleine eller to saman nedover bakken og farten var nett passeleg før dei anten skleid eller velta seg av sidelengs. Ein gut måtte ei tid undersøkja snøen og isen på og ved eit tre attmed. Kjekt å utforska noko som ikkje lenger er kvardagskost. Men onsdagen kom det faktisk dalande nokre snøflak frå «oven» og det la seg tett på bakkane utover ettermiddagen. Då fekk alle på Bømlo kjenna den kalde vinteren nokre timar før han forsvann like kjapt som han kom.

Jobba to netter

- Ja det er kjekt med snø, seier Hanna Shoba Mæland. Emilia Eidesvik Våge er einig med henne i dette. Dei er så opptekne med å aka saman med resten av gjengen at ord er overflødige. Iveren i bakken seier sitt. Halvparten av ei trekrone nede i akebakken var dekt med snø, og utanfor gjerdet på barnehagen var det ikkje eit einaste snøfnugg. Det er vel det einaste som avslørte at snøen ikkje kom frå himmelen men frå ei snøkanon som har jobba to netter på rad for å forsyna barnehagen med snø under tett oppsikt av Frode Grønnevik, som sjølv har born i barnehagen.

- Det var utruleg bra at Grønnevik kom til barnehagen og gjorde dette. Han stod med snøkanonen då eg kom på jobb i barnehagen klokka kvart over seks tysdag og onsdag morgon. Me er heldige som har foreldre som grip tak i ting. Det er me veldig glade for. Første dagen vår med snø vart det skikkeleg påskestemning her i barnehagen. Då var me ute heile dagen og så drakk me kakao. Onsdagen måtte me gå inn litt og varme oss på grunn av kald vind og snøflak. Men me for snart ut att og fortsette i snøbakken, sa Cecilia R. Thormodsæter, assisterande styrar i Espira Finnås barnehage. Ho fortel at det er totalt 48 born i barnehagen og det var dei største frå rundt tre-årsalderen som var ute.

Aking på «Løkka»

- Me håpar at snøkanonen blir verande i bygda. Det er ikkje så mykje snø for tida, sa Cecilia R. Thormodsæter.

Frode Grønnevik samarbeider med Helge Larsen om snøkanonen.

- Me ville først teste ut snøkanonen i barnehagen. To netter frå klokka ti om kvelden til sju om morgonen stod den på i barnehagen. Planen er å lage snø på «Løkka» slik at dei som ikkje vil stå på skøyter kan få ake i staden. Grendelaget har fått støtte frå nokre verksemder her lokalt for å betale litt av kjøpesummen til snøkanonen. Me håper fleire vil vera med og støtte. Elles så står det ei postkasse attmed panteautomaten i Jokerbutikken på Finnås. Der kan folk som ønskjer å halda «Løkka» i live som ein sosial samlings- og aktivitetsplass på vinterstid, gje pengestøtte, fortalde Frode Grønnevik.



Klikk for å sjå kommentarar ()