annonse

Heine Totland deltek i Stjernekamp

Totland i Stjernekamp
Totland i Stjernekamp: Heine Totland var med på lanseringa av årets sesong av Stjernekamp. (Foto: Julia Marie Naglestad/NRK)

Heine Totland er ein av deltakarane som skal kjempa om å verta kåra til «Norges ultimate entertainer» til hausten.

Randi Olsen

I dag, onsdag, vart deltakarane i neste sesong av Sternekamp presenterte av NRK: Ein av deltakarane er altså Heine Totland frå Moster, melder NRK. Han skulle vera godt kjent for dei fleste bømlingar både som songar, musikalartist, programleiar på TV og som Norges beste amatørkokk.

Dei siste åra har han reist landet rundt saman med Gisle Børge Styve med framsyninga «Musikk e komme for å bli».

Sjuande sesongen

Ti artistar skal kjempa om tittelen som den beste underhaldningsartisten i landet når den sjuande sesongen av Stjernekamp startar på NRK i haust.

I tillegg til ein fagjury, er det publikum heime i stovene som er med og stemmer fram «sin» artist.

Artistane skal gjennom eit breitt spekter av sjangrar, frå opera og musikal til country og rap. Dei vert hjelpte fram av nokre av dei mest erfarne songarane i sin sjanger, dansarar og musikarar. Èin artist må reisa heim etter kvar episode.

I 2017 var det nordamerikanaren Adam Douglas som gjekk heilt til topps etter å ha møtt Didrik Solli-Tangen i finalen. Kåre Magnus Berg er fast programleiar, medan Thomas Felberg og Mona B. Riise.

Tøff konkurranse

Heine Totland får tøff konkurranse frå desse ni:

Hilde Louise Asbjørnsen, Maria Arredondo, Alexander Pavelich, Samantha Gurah, Ellen Marie Hætta Isaksen, Ole Børud, Ulrikke Brandstorp, Chris Holsten og Dag Ingebrigtsen.

Les kva Totland og dei andre artistane hadde å seie til Verdens Gang.

randi.olsen@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.