annonse

Held oppe eldforbodet

IKKJE BRUK EINGANGSGRILL
IKKJE BRUK EINGANGSGRILL: Brannsjef Ove Halleraker oppmodar framleis om å respektere forbod mot bruk av open eld. Brannfaren er ikkje over enda. (Foto: NILS-TORE SELE/Arkivfoto.)

Bømlo brann og redning held oppe eldforbodet til det kjem meir nedbør av betydning.

Håvard Hammarstrøm

Det opplyser brannsjef Ove Halleraker til Bømlo-nytt. Det har vore litt nedbør dei siste dagane, men ikkje i så store mengder at brannvesenet ønskjer å oppheve eldforbodet riktig enda.

– Me har fått nokre meldingar frå bømlingar som har vore klare til å tenne bål, men me held oppe eldforbodet hos oss inntil vidare. I Haugesund har dei oppheva eldforbodet, men der har det komme meir regn enn her hos oss. Med vind og sol tørkar det vatnet me har fått fort opp, seier brannsjefen. I tillegg peikar han på at brannvernet har litt redusert mannskap no i ferietida.

– Det kan godt komme enda litt meir regn før me opphever eldforbod på offentleg stad.

Har halde eldforbodet

– Har bømlingane vore flinke til å halde eldforbodet etter at det vart innført?

– Ja, det opplever me. Med få unnatak. Det er mogeleg me kan oppheve eldforbodet til helga, men inntil det blir gitt nærmare opplysningar om det vil eldforbodet vera på plass. Me følgjer situasjonen fortløpande, seier Halleraker. Dermed er det framleis forbod mot å tenne opp bål og eingongsgrillar.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.