annonse

Helse Fonna lanserer ny lokal netteneste

Psykologspesialist
Psykologspesialist: Ester Espeset har doktorgrad gjennom forsking på anoreksi. Ho er Helse Fonna sin prosjektleiar for den nye tenesta. (Foto: Kenneth Eikeset.)

Barn og unge si helseteneste, heiter det, og skal gjera kvardagen enklare for dei med psykiske utfordringar i vår region.

  • | Ingvild Sjo

Måndag lanserer statsråd Bent Høie den nye ordninga i Haugesund. Tenesta skal sikra at barn og unge med psykiske utfordringar får god og samanhengande hjelp på tvers av kommunale instansar og sjukehus.

Det er via nettsidene til Helse Fonna tenesta skal vera tilgjengeleg for helsesøstrer, lærarar, barnehagetilsette, barnevern, fastlegar, BUP og andre skal få oversikt over kva dei kan gjera om dei mistenkjer at barn og unge har psykiske utfordringar. Det er med andre ord ei rådgjevingsteneste på internett der ulike tenester samhandlar digitalt. Helse Fonna har opparbeidd tenesta i samarbeid med dei 19 medlemskommunane.

Barn og unges helseteneste har som mål å vera tydeleg på kvar ein skal få hjelp. Det er òg å sikra at barn med utfordringar blir sett og at dei får hjelp tidleg. Sida skal gje råd til kva ein skal sjå etter hos barnet, kvar ein skal vende seg for vidare hjelp, og forslag til konkrete tiltak for den enkelte. Lanseringa måndag er lagt opp til ein presentasjon frå Helse Fonna-kommunane, og til slutt eit kort seminar der tema er kva ein skal gjera dersom ein lurer på om eit barn har psykiske lidingar. Til dømes autisme, traume, angst.

ingvild@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.