Bømlo-Nytt

Nyhende

Henta seg ny fiskebåt frå Sola

Henta seg ny fiskebåt frå Sola

Rune Waage (38) har handla seg nytt fiskefarty. 46 fot lange «Boie» er kjøpt inn og får ny kvardag som kystfiskebåt tilhøyrande Bømlo på fangst etter makrell og NVG-sild.

I mars 2003 vart «Boie» levert frå Skogsøy Båt til Bjørn Hellestø, frå Ræge i Sola. Her har fiskebåten vore i sving med snurrevad og dorging etter makrell, heilt til han vart lagt ut for sal tidlegare i år. Annonsa vekte interesse hos Rune Waage (38) frå Brandasund.

Etter å ha lagt fem millionar kroner på bordet, fekk han fiskebåten heim på måndag. Den tidlegare reiaren har no tinga seg ny makrelltrålar, som skal byggjast i Danmark.

Nils-Tore Sele - SJEKKAR RÅSTOFFET Då fiskar Rune Waage (t.v.) leverte drygt 15 tonn makrell til mottaket i Brandasund på onsdag, vart råstoffet sjekka for gneis av Torbjørn Waage, dagleg leiar ved fiskemottaket. Den dagen hadde han for øvrig også vitjing av kontrollørar frå Fiskeridirektoratet.

SJEKKAR RÅSTOFFET: Då fiskar Rune Waage (t.v.) leverte drygt 15 tonn makrell til mottaket i Brandasund på onsdag, vart råstoffet sjekka for gneis av Torbjørn Waage, dagleg leiar ved fiskemottaket. Den dagen hadde han for øvrig også vitjing av kontrollørar frå Fiskeridirektoratet.Foto: Nils-Tore Sele

Sild og makrell

«Boie» vil få namnet «Notholmen» av Rune Waage. Fiskebåten er bygd i aluminium, og har ord på seg for å vera ein stabil og god båt i sjøen.

– Han er rigga opp til makrelldorging, men me vil ta dette utstyret på land. Me har mest kvote på makrell og NVG-sild (norsk vårgytande sild), berre litegrann torsk, fortel Rune Waage, som onsdag lossa drygt 15 tonn med makrell med nyebåten hos Brandasund fiskemottak og Torbjørn Waage.

– Eg har ikkje fiska med den nye. Fangsten er gjort med sjarken min i Klubbestraumen. Ein fantastisk fiskeplass. Beste kastevågen her omkring etter mitt syn. , seier Rune Waage.

Debuten på fiske for «Notholmen» vert litt seinare i haust, når Waage skal på fiske etter NVG-sild.

– Me kjem mest til å nytta han på kystfiske, men det går også an å ta han til havs, seier Waage om nyinvesteringa. Då «Boie» var ny, var tanken bak ei allsidig utrusting. Planen var at fiskebåten skulle brukast på fiske med både trål, snurrevad, garn, dorg og line.

– Etter kvart kjem me til å utrusta han slik me vil ha han, med vinsjar og instrumentering, men det blir ein gradvis prosess framover. Me tek det litt etter kvart. Tæring etter næring, veit du, det er slik me tenkjer, fortel Waage.

Se dette bildet i full størrelse
Nils-Tore Sele - FRAMTIDSSATSING Fiskar Rune Waage satsar fem millionar kroner med innkjøpet av den nye fiskebåten, som vart bygd i 2003. – Ein stabil og god båt, seier Waage, som fekk heim nyinvesteringa på måndag som var.

FRAMTIDSSATSING: Fiskar Rune Waage satsar fem millionar kroner med innkjøpet av den nye fiskebåten, som vart bygd i 2003. – Ein stabil og god båt, seier Waage, som fekk heim nyinvesteringa på måndag som var.Foto: Nils-Tore Sele

Såg potensialet

Han seier at han har handla inn større fiskekvotar på sild og makrell dei siste åra. No var tida inne for å handla inn ein nyare båt. «Notholmen» erstattar «Sprattus».

– Kva var det som gjorde at du blinka deg ut nett denne fiskebåten då du såg han låg ute for sal?

– Eg har sett meg om etter noko nytt lenge. Eit nybygg har derimot aldri vore aktuelt, det er for dyrt. Eg sprang ikkje av garde for å kjøpa første dagen eg såg han, heller, det må seiast, men dette er ein stor og stødig fiskebåt. Han har god dekksplass og lastekapasitet. Eg såg potensialet i han, og me vart samde til slutt, seier den framtidssatsande fiskaren.

– Tida står ikkje stille i fiskeria, og me måtte investera i noko nytt, skal me henga med. Når me vil driva med fiskeri, så må me gjera så godt me kan for å kunna leva av kystfiske, seier Waage.

Som hand i hanske

Han rosar i den samanhengen fiskemottaket i Brandasund.

– Det er utruleg viktig for kystfisket i vårt område. Dei tek mot fisk ikkje berre frå Bømlo, men nabokommunar som Auste- voll og Kvinnherad. Hadde me ikkje hatt dette mottaket, hadde nærmaste mottaka lege nord på Sotra eller i Egersund. For oss lokale fiskarar er det svært gunstig at me kan levera fiskefangstane våre her heime. Det sparer oss og miljøet for mykje, då me får langt kortare gange når fangstane skal på land, understrekar Waage.

Dei rundt 15 tonna med makrell som Waage leverte på onsdag, vart eksportert til Italia. Då fangsten vart levert, var kontrollørar frå Fiskeridepartementet i Brandasund for stikkprøve hos mottaket.

– I år er makrellen fantastisk fin. I fjor vart det funne gneis i fisken, og me fekk ikkje teke mot meir enn 170 tonn før me vart stoppa frå å ta mot meir. I år stiller det seg ganske annleis. Det er mykje og fin makrell som me tek mot. Til no i år har me nok passert 550 tonn. Eg utelukkar ikkje når 2017 er ferdig så har me teke mot ein stad mellom 700 og 800 tonn makrell. Dette er eit viktig fiske for mottaket vårt, understrekar dagleg leiar ved Brandasund Fiskemottak, Torbjørn Waage.

nils.tore@bomlo-nytt.no