annonse

– Her er kaldt og vått, men hyggeleg

Hos Servogear
Hos Servogear: Dei vitjande, elevar frå Bremnes ungdomsskule, lærarar og tilsette på Servogear samla til fotografering i Brubakken (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Temperatur og klima er uvant, men nordmenn er hyggjelege! Denne blide gjengen har kost seg i Noreg. Med på biletet er
Triveleg vitjing: Celia Zeline, Hermancia Womba, Knaiis Serbin, Lastun Andrei, Aizi Olas Fauka, Medaco Karkleen, Laurent Amélie, Lilté Giedraityte, Natan Celeste, Mauricrace Edwim, og Joyau Joom. (Foto: )
Hos Bremnes Seashore
Hos Bremnes Seashore: Her er gruppe 3 under omsyning på Bremnes Seashore. Her fekk dei vite at det går maks fire timar frå laksen sym i sjøen til denne er ferdig pakka og på veg ut i marknaden. Avdelingsleiar Ole Bjarte Fylkesnes fortalde også at god fiskehelse er avgjerande for å sikre eit godt produkt (Foto: Håvard Hammarstrøm)
TITTELSNES
TITTELSNES: Dei vitjande tok turen ut til Tittelsnes og eitt av oppdrettsanlegga til Bremnes Seashore (Foto: Hans Arnevik)
Det grøne skiftet
Det grøne skiftet: Hos Servogear blir det arbeidd med nye system som er kompatible med elektriske motorar og hybridmotorar. Dette er ei verksemd som er med på det grøne skiftet. Her syner produksjonssjef Lars Egil Vik ein girboks som er inne til service. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Tysk song
Tysk song: Dei vitjande frå Tyskland song fint under presentasjonen i Bømlo kulturhus (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Lakseburgar til lunsj
Lakseburgar til lunsj: Bjørn Roar Kippersund var dagens grill- meister på Bremnes Seashore. Der fekk dei vitjande lakseburgar til lunsj (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Fotografering med ordføraren
Fotografering med ordføraren: Etter presentasjonane av dei ulike landa, og kulturinnslag, vart det skipa til fotografering saman med ordføraren. (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Bremnes ungdomsskule (BUS) har denne veka hatt vitjing av 45 elevar og lærarar frå seks europeiske land. Blant andre Hermancia Womba og Celia Zeline frå franske Martinique.

Håvard Hammarstrøm

Ungdomsskulen på Svortland er med i det europeiske utdanningsprogrammet Erasmus +. Tittel på prosjektet som BUS er med i er «Green Jobs for Planet Earth». BUS organiserer si deltaking i prosjektet igjennom valfaget Internasjonalt samarbeid, eit valfag som starta opp for eitt år sidan.

På reise

Nokre av elevane som har dette valfaget har alt vitja elevar i andre land. Renate Zahl Habbestad fortalde til Bømlo-nytt ei tid tilbake at ho hadde vore med på vitjing hos jamaldrande i England. No er det altså Bremnes ungdomsskule som er vertskap. Elevane og lærarane frå Italia, Spania, Romania, Frankrike/Martinique, Tyskland, og Litauen bur heime hos elevar på Bremnes ungdomsskule medan dei er på Bømlo.

Tett program

Dei vitjande har hatt eit tett og innhaldsrikt program denne veka. Måndag kveld var dei i Bømlo kulturhus saman med elevar frå Bremnes ungdomsskule. Her fekk dei orienteringar om Bømlo, både av ordførar Odd Harald Hovland, kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund og elevar på Bremnes ungdomsskule.

– Det er ei glede å ynskje dykk velkomne til Bømlo kommune. Eg håper de har hatt ei fin tid her så langt, og at de får eit fint opphald, sa ordføraren. Han fortalde deretter om kommunen med dei 1.000 øyar, om næringslivet her, og det politiske systemet. Han tykte det var kjekt at nokre av dei vitjande hadde fått sjå nye Bremnes ungdomsskule som er under oppføring.

Bjørklund spådde at det var dagens ungdomsskuleelevar som kom til å løyse klimautfordringane som verda no står overfor.

– Det blir generasjonen dykkar som bergar planeten.

Kulturinnslag

Gjestane fortalde på sin side om sine heimland, regionane dei kjem frå og skulane deira. Det vart synt litt film og powerpoint-presentasjonar, og det var spørjekonkurranse. Dei vitjande elevane presenterte også song og dans frå sine heimland. Elevar frå Bremnes ungdomsskule avslutta det om lag to og ein halv time lange programmet med song, dans og framføring av klassisk musikk.

Bedriftsbesøk

Onsdag vart dei vitjande betre kjente med lokalt næringsliv på Bømlo. Dei vitja eitt av oppdrettsanlegga til Bremnes Seashore. Deretter gjekk turen til fabrikken i Øklandsvåg, der dei fekk servert nygrilla lakseburgarar til lunsj. Sidan var det omsyning.

Turen gjekk så med buss vidare til Brubakken, der det var orientering, servering av kakemenn og skulebollar, og omsyning på Servogear.

Kaldt men hyggjeleg

Bømlo-nytt møtte torsdag nokre av elevane frå Martinique saman med nokre av elevane frå Latvia og Romania. Elevane frå den karibiske øya kom den lange vegen til Bømlo via Paris og Bergen. Reisa har gått med tre fly, to bussar og ei ferje, fortel dei, Dette er første gongen dei er i Europa.

– Det har vore veldig kjekt å reise til Bømlo, seier Hermancia Womba.

– Eg elskar fargane på husa her! legg Celia Zeline til. Begge tykkjer naturleg nok at det er kaldt og mykje regn på Bømlo.

– Nordmenn er veldig hyggjelege og sympatiske, seier Hermancia.

Bildegalleri Erasmus

God laks

Begge tykkjer vitjinga på oppdrettsanlegget og hos Bremnes Seashore har vore høgdepunktet, og det mest interessante så langt.

– Var lakseburgaren god?

– Ja! Kjempegod. Eg elskar laks, seier Hermancia.

– Kva med vitjinga hos Servogear?

– Det var kjekt, men alt det mekaniske var litt vanskeleg for oss å forstå, meiner Knais Serbin.

– Eg tykkjer det har vore eit fint besøk her på Bømlo. Det er veldig grønt her! seier Lastun Andrei frå Romania.

Denne torsdagen hadde dei opplevd skodespel på morgonen, og om kvelden skulle det vera farvelfest om bord på ein båt for dei som skulle reise tilbake til heimlandet i går, fredag. Dei vitjande frå den karibiske øya Martinique er framleis i Noreg. I dag, laurdag, har dei planar om tur til Folgefonna.

– Eg har opplevd snø ein gong, men då var eg så liten at det hugsar eg ingenting av, seier Hermancia med eit smil.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.