annonse

Høgre lanserer ny ordførarkandidat

Første kvinne
Første kvinne: Ragnfrid Sønstabø kan bli den første kvinnelege ordføraren frå Høgre og den første frå Espevær dersom veljarane vil. Ho er samrøystes innstilt som ordførarkandidat for Høgre frå nominasjonskomiteen i Høgre. Arkiv (Foto: Håvard Hammarstrøm.)

Randi Olsen

Nominasjonskomiteen i Bømlo Høgre innstiller samrøystes på Ragnfrid Sønstabø frå Espevær som Høgre sin ordførarkandidat til kommunevalet i 2019.

Nominasjonskomiteen er svært glad for at Ragnfrid har takka ja til denne utfordringa, ho vil utvilsamt bli ein svært god ordførar for alle – i heile Bømlo, skriv leiar i nominasjonskomiteen Øyvind Halleraker i ein epost.

Ragnfrid driv i dag handelsverksemd på Espevær, pluss at ho har mange andre jern i elden. Ho er ei av desse som tilsynelatande får tid til alt, og alltid med godt humør og ein hyggeleg kommentar, skriv han vidare.

Ho er ei samfunnsengasjert og driftig familiedame (på 50 år) som ser fram til å ta del i det lokalpolitiske arbeidet på Bømlo igjen. Ho har 12 års fartstid frå kommunestyret, her av åtte år i formannskapet. Ragnfrid Sønstabø var Høgre sin gruppeleiar og hadde også ein kort periode som varaordførar.

Ragnfrid er svært motivert og gler seg til å få lov til å vera med å utvikle Bømlo vidare, saman med gode kollegaer i dei ulike politiske partia i kommunen. Ho er opptatt av samarbeid, og har tru på at det er slik ein får dei beste løysingane, til det beste for kommunen vår, heiter det i pressemeldinga.

Ho vil at Bømlo skal være ein JA-kommune, der ein opplever kommunen som ein god støttespelar.

Ho er opptatt av best mulige vilkår for næringsliv, industri og ikkje minst grunderar, og meiner det er viktig at næringslivet blir høyrt og sett. Ho er som mor opptatt av barn og unge, skule, fritidstilbod og oppvekstsvilkår.

– Bømlo må også vera ein god kommune å bli gamal i, seier Ragnfrid, og vil leggja til rette for det. Bømlo har gjennom målretta satsing over fleire år fått eit særs rikt kultur- og idrettsliv, dette meiner ho det er svært viktig å ta vare på.

Alt i alt meiner nominasjonskomiteen at Ragnfrid har veldig mange kvalitetar som vi ynskjer at hele Bømlo skal få bli kjent med. Ho er ei positiv dame som også er svært inkluderande med sine medmenneske og vil utvilsamt bli ein god ordførar for alle, skriv Halleraker til slutt.

randi.olsen@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.