annonse

Hordfast til 35 milliardar kroner

Blir billegare
Blir billegare: Biletet syner ei av skissene av flytebrua tidleg i prosjektet. Årsaka til kostnadsreduksjonen i Hordfast kjem mellom anna av at ein no trur brua blir billegare å byggje enn tidlegare rekna med (Arkivfoto) (Foto: Arkivfoto)

Statens vegvesen sende måndag over eit forslag til statleg kommunedelplan for Hordfast til Samferdselsdepartementet. Her er prisen kostnadsrekna til 35 milliardar 2016-kroner.

Håvard Hammarstrøm

Dette melder Statens vegvesen i ei pressemelding.

5,5 kilometer flytebru

Prosjektet skal som kjent gje landfast vegsamband for E39 mellom Stord og Bergen. Inkludert i prosjektet er ei 5,5 kilometer lang flytebru over Bjørnafjorden. Brua er no kostnadsrekna til 16,5 milliardar kroner, og totalprisen er redusert med fem milliardar kroner til 35 milliardar kroner.

I Statsbudsjettet ligg prosjektet inne med 40 milliardar kroner. Ein stor del av kostnadsreduksjonen skuldast at ein har komme lengre i utviklinga av flytebrua og dermed er sikrare på kostnadene for denne, heiter det. Statens vegvesen peiker likevel på at prosjektet er komplekst med lange fjordkryssingar.

– Det er difor framleis større usikkerheit knytt til kostnadar enn det som er normalt for vegprosjekt i denne fasen.

Rår til midtre Langenuen-kryssing

I pressemeldinga heiter det at kryssinga av Langenuen mellom Stord og Tysnes har vore mykje diskutert, der både det midtre og det sørlege alternativet har sine støttespelarar. Vegvesenet har vald å sende over begge alternativ, B og F, til Samferdsledepartementet. Vegvesenet rår likevel til å gå for det midtre alternativet (B) fordi brua då vert knytt til den delen av vegnettet på Stord som har den høgste standarden, og som vil tole trafikken i nokre år før det vert nødvendig med utvidingar. Vegvesenet tek ikkje stilling til om det skal vera sideforankra eller endeforankra flytebru. Dette vert vurdert i ein eigen reguleringsplan.

Stord-Os: 30 minutt

– Når prosjekt blir realisert vil det endra samferdsle i denne delen av landet for alltid, uttaler vegdirektør Terje Moe Gustavsen. Han legg til at dette er eit prosjekt med uvanleg høg samfunnsnytte. Netto nytte for prosjektet blir no rekna til 17 milliardar kroner.

– Ein stor del av nytta ligg i at reisetida frå Stord til Os vert redusert frå halvannan time til ein halv time. Prosjektet vil avløyse tre ferjesamband; Sandvikvåg–Halhjem, Halhjem–Våg og Jektevik–Hodnaneset.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.