annonse

Hytteinnbrot på Gjøsæter

Blir etterforska
Blir etterforska: Politiet etterforskar eit innbrot i Urangsvåg (Foto: Stine R. Rørvik/Arkivfoto)

Politiet melder om innbrot i ei hytte på Gjøsæter.

Håvard Hammarstrøm

Politiet opplyser at innbrotet truleg har skjedd i løpet av den siste månaden. Politiet fekk inn meldinga om innbrotet like etter klokka 1130 måndag.

– Eit vindauge i kjellerdøra var knust og hoveddøra brote opp. Det er uvisst kva som er stole. Politiet har vore på staden, har sikra spor og oppretter sak, heiter det frå Sør-Vest politidistrikt på Twitter. Innbrotet i på Gjøsæter føyer seg inn i ei rekkje med innbrot på Bømlo den siste månaden.

I romjula vart det oppdaga innbrot i fem hytter på Sæverudsøy. I desember vart det meld om innbrot i eit bustadhus på Svortland.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.