Bømlo-Nytt

Nyhende

I Jørgensensmio på Hiskjo

I Jørgensensmio på Hiskjo

Jørgen S. Jørgensen (70) har smiekunsten i blodet. I 2010 fekk han bygd si eiga smie i hagen på Hiskjo der han lagar smijernskunst.

– Du må ikkje spørje meg kor lenge eg har smidd. Du må spørje kor mange timar eg har smidd. Det er ikkje få. Her går timane fort.

Se dette bildet i full størrelse
Håvard Hammarstrøm - Bygd i betongstein Smio på Hiskjo er bygd i blytung betongstein. Vekta på steinane er totalt åtte og eit halvt tonn. – Eg bar steinane frå parkeringsplassen og opp hit, seier han. Nærleiken til bustadhuset og høg temperatur i smio gjorde det naturleg å byggje på denne måten. Vindauga laga av støypejern stammar frå ein bygård i Haugesund. Dei fann han i ein godt brukande-butikk.

Bygd i betongstein: Smio på Hiskjo er bygd i blytung betongstein. Vekta på steinane er totalt åtte og eit halvt tonn. – Eg bar steinane frå parkeringsplassen og opp hit, seier han. Nærleiken til bustadhuset og høg temperatur i smio gjorde det naturleg å byggje på denne måten. Vindauga laga av støypejern stammar frå ein bygård i Haugesund. Dei fann han i ein godt brukande-butikk.Foto: Håvard Hammarstrøm

Bygde si eiga smie

Jørgen S. Jørgensen har smiekunsten i blodet. Han er oppvaksen i Danmark med ei smie som nabo. Oldefaren hans var smed i Ebeltoft, og også farfaren kunne smi. For nokre år sidan var han på ferie i Ebeltoft og fann fram til Smedegade. Der fann han restane av smia til sin farfars far.

– Det var veldig spesielt, seier Jørgensen, der me står utanfor hans eiga smie. Kva hadde oldefaren sagt om han hadde sett Jørgensen stå og smi?

Då 70-åringen var liten, var han og venene hans gjerne innom smia i nærleiken. Dei fekk prøve hammaren. Med ujamne mellomrom har Jørgensen også fått prøve seg litt i vaksen alder. Det var likevel då han vart pensjonist at han byrja for alvor.

– Ærast den som ærast bør. Det var min dåverande kjærast som sette meg på tanken. Eg sa til henne at eg har alltid kunne ynskt meg å ha ei smie, og så ser ho på meg og seier «ja, så bygg ei då vel!» Ja, kvifor ikkje, seier Jørgensen med eit stort smil.

Se dette bildet i full størrelse
 - Fjørstål Det finst mange typar jern og stål å smi med. Denne typen her kallast fjørstål. – Denne type stål har du under bilen din.

Fjørstål: Det finst mange typar jern og stål å smi med. Denne typen her kallast fjørstål. – Denne type stål har du under bilen din.

Tingas historie

Den 10 kvadratmeter store smia sto ferdig i hagen på Søre Eideneset på Hiskjo i 2010. Sidan den gongen har han laga smijernskunst, smykke og bruksgjenstandar som er stilte ut og selde. Nyleg hadde han den årlege utstillinga si på Lekevoll, og han har ved høve stilt ut i Danmark.

– Alt har si historie. Skruestikka her kom frå Kongsberg og kjem opphavleg frå gamle Preussen. Essetrauet (der kolet ligg og gløder journ. merkn.) kjem frå Grindheim og tilhøyrde Ola Jan Grindheim. Han smidde ei stund, og lærte meg litt av kvart. Stabben kjem frå Mæland, medan ambolten kjem frå Goddo. Stolpestikka her, ein forløpar til skruestikka, kjem frå Sverige og tilhøyrde ein gammal svensk hovslagar som laga hestesko.

Se dette bildet i full størrelse
 - Magnet Når temperaturen er høg nok, er ikkje lenger stålet magnetisk. Difor sjekkar Jørgensen magnetismen med ein magnet.

Magnet: Når temperaturen er høg nok, er ikkje lenger stålet magnetisk. Difor sjekkar Jørgensen magnetismen med ein magnet.

Trekol, steinkol og koks

Denne ettermiddagen er det glødande koks jernet ligg i og godgjer seg. Jørgensen seier ein gjerne kan nytte trekol når ein smir. Då kjøper han grillbrikettar og deler dei opp, men tysk steinkol eller koks er å føretrekkje. Koksen er mykje meir reintbrennande, og gir mindre støv, men er ikkje enkel å få tak i.
Dagen då smeden fekk tilbod om å hente koks i ein gammal kjellar på Hallaråker var ein god dag.

Kreativitet det er å leike

– Det er veldig kjekt med koks. Eg har ein kontakt i Kristiansand som importerer koks og steinkol.
– Når smio er kald, og du kjem hit og skal byrje smi. Korleis går du då fram?
– Stålet blir pussa fritt for rust. Om du ikkje tek rusten så slår du han inni. Så grev eg vekk det som ligg i esso og legg i tennbrikettar. Sidan fyrer eg alltid opp med steinkol som blir skikkeleg varmt, og så fyller eg på med koks etterpå.

Se dette bildet i full størrelse
 - Rett temperatur Fargen på stålet gir ein peikepinn på at det er klart til å formast.

Rett temperatur: Fargen på stålet gir ein peikepinn på at det er klart til å formast.

Magnet og kirsebærfarge

– Kor lang tid tek det før du kan byrje å smi?
– Det tek ikkje lang tid. Eit kvarter kan hende. Du veit eg har jo ein god blåsebelg her, seier han og trykkjer på ein knapp.
– Ein elektronisk blåsebelg?
– Ja. No fyrer eg litt skikkeleg opp her, så får du nokre skikkeleg varme bilete. Så må du ta på deg høyrslevern når eg byrjar å banke, seier Jørgensen.
Jernet i essetrauet skal opp i ein temperatur på 1150–1200 grader celsius. Når det får ein kirsebærraud farge er det klart.

Se dette bildet i full størrelse
 - Smedens gull Jørgensen bankar til jernbanestålet som blir kalla «smedens gull».

Smedens gull: Jørgensen bankar til jernbanestålet som blir kalla «smedens gull».

– Det er viktig å passe på at temperaturen er rett.
For å vera sikker kan smeden nytte ein magnet. Molekyla i jernet endrar struktur når temperaturen passerer 1150 grader. Då misser jernet magnetismen. Jørgensen løftar det gloheite jernet med tanga og held magneten inntil. Dei tiltrekkjer ikkje kvarandre.
– Fekk du lyst til å smi no? spør han. Så legg han jernet på ambolten og bankar laus.
– Når eg held på har eg alltid to i essen samstundes. Så kan eg halde på med den eine medan den andre blir varma opp, seier han. Ein slange tek om lag ein dag å lage.

Se dette bildet i full størrelse
 - Eige uttrykk Smeden sjekkar om figuren han lagar av jernbanestål har det rette uttrykket i ansiktet.

Eige uttrykk: Smeden sjekkar om figuren han lagar av jernbanestål har det rette uttrykket i ansiktet.

Jernbanestål og fjørstål

Det finst mange typar jern og stål å smi med. Favoritten den siste tida er jernbanestål. Det er rett og slett naglane som vart slått igjennom tresvillene før i tida. Når jernbanesporet blir fornya ligg gjerne naglane igjen. Stålet som naglane består av er massivt og veldig seigt. Smeden kan lage utruleg lange ormar eller slangar av desse naglane.
– Eg trur ikkje at eg ville ha problem med å lage ein som er over ein meter lang. Men du veit at når du strekk jern så gjer du det ikkje berre lengre. Du komprimerer også, slik at det blir tettare i struktur. Du kan aldri strekkje vanleg jern på denne måten. Då hadde det gått i fillebetar, seier han. Kva jernbanestål faktisk består av er ein godt skjult løyndom.
– Dette var big business i si tid, forklarer smeden. Fjørstål er ein annan favoritt. Den typen stål du har i fjørene under bilen din.

Se dette bildet i full størrelse
 - Høg temperatur I essegropa blir det høg temperatur. Koksen i essetrauet har Jørgensen fått av ein kar på Hallaråker.

Høg temperatur: I essegropa blir det høg temperatur. Koksen i essetrauet har Jørgensen fått av ein kar på Hallaråker.

God fantasi

Jørgensen er oppteken av smedtradisjonane.
– Eg har smidd på gamlemåten med meisel og alt også, for eg ville vite korleis dei gjorde det før. Helt basic. Det tykkjer eg er litt viktig. Så kan eg saktens ta vinkelsliparen etterpå. Verda har gått framover også, så kvifor ikkje nytte seg av det? Det går ikkje an å berre drive på nostalgi heller, meiner Jørgensen. Inspirasjonen til kunsten kjem av så mangt.
– Det er litt inspirasjon og mykje fantasi. Eg er gudsbenåda med god fantasi, seier han.
Det viktigaste er likevel at det han lagar har sitt eige uttrykk.
– Den siste vrien, dreien med stålet, for å få det uttrykket du verkeleg vil ha? Det er då det er verkeleg gøy! seier kunstnaren.

Se dette bildet i full størrelse
 - Frå gamle Preussen Skruestikka er av gammal god årgang og stammar opphavleg frå det gamle Preussen.

Frå gamle Preussen: Skruestikka er av gammal god årgang og stammar opphavleg frå det gamle Preussen.

– Det er altså kunst du smir. Du smir ikkje andre ting?
– Nei. Eg har prøvd andre ting, men å smi hengsler og krokar blir for kjedeleg. Eg tek helst ikkje imot bestilling. Eg er i ein fase i livet der eg kan drive med det eg har lyst til. Det er den kreative sida som trekk.
Det meste av det han lagar er til sals, men ikkje alt. Eit sverd laga av hardført verktøystål er eitt døme. Eit anna er det han kallar eit sjølvportrett. Dei får bli på hylla heime.
Han fortel at han også er steingal og samlar på stein.
– Det er vel ein naturleg samanheng mellom det å vera smed og det å vera «steingal»?
– Jo, det er vel det, svarer han.

Se dette bildet i full størrelse
 - Verktøy er viktig Jørgensen er oppteken av å ta godt vare på tengene sine. Desse blir ikkje liggjande i glørne.

Verktøy er viktig: Jørgensen er oppteken av å ta godt vare på tengene sine. Desse blir ikkje liggjande i glørne.

Neste generasjon smedar

Smio som ein gong stod der han vaks opp, like sør for Aalborg, er borte for lenge sidan, men kvart år reiser han til det som blir kalla smedetreff. Årets treff startar i morgon, sundag, og då er Jørgensen på plass. Her hentar han ny inspirasjon.
– Dit kjem alle dei gamle smedane veit du.
– Du har framleis noko å lære?
– Ja. Det er veldig morosamt. Sist var det til dømes nokre som tappa ut jern av myrmalm, svarer Jørgensen. Han fekk kjøpt med seg litt myrmalm heim. Det er sjeldan å sjå.
– Det er jo ikkje til å leggja skjul på at det i dag er mange gamlingar som meg som smir. Eg er difor glad for at det er eit par unge her på Bømlo som syner interesse for lære. Han eine har verkeleg talent, så eg håper. Eg har jo lyst til å formidle vidare det eg har lært i årenes løp. Det er min draum at ungdommen skal komme i gang. Eg har trua. Når dei unge får eit stykke jern på ambolten så fengjer det.

Se dette bildet i full størrelse
 - Polering Til slutt blir stålet polert. Her står Jørgensen i verkstaden sin i kjellaren på bustadhuset og legg voks på poleringsmaskinen.

Polering: Til slutt blir stålet polert. Her står Jørgensen i verkstaden sin i kjellaren på bustadhuset og legg voks på poleringsmaskinen.

Se dette bildet i full størrelse
Håvard Hammarstrøm - Ferdig installasjon Me har komme ut att av smio, og smeden syner eitt av dei ferdige bileta, eller installasjonane om ein vil.

Ferdig installasjon: Me har komme ut att av smio, og smeden syner eitt av dei ferdige bileta, eller installasjonane om ein vil.Foto: Håvard Hammarstrøm