annonse

Imponerande freestyle på Rema-cup

Freestyle
Freestyle: Brørne Erlend og Brynjar Fagerli imponerer med triks og kunstar under opningsshowet. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Autografskriving
Autografskriving: Brørne Fagerlid skreiv autografar etter showet (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Ten Sing Bømlo
Ten Sing Bømlo: Ten Sing Bømlo hadde dansekurs med dei unge fotballspelarane. (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Verdsmeistrane i freestyle imponerte stort under opningsshowet på Rema-cup.

Håvard Hammarstrøm

Fagerli Brothers har tidlegare vunne VM i freestyle, og synte sine ballkunstar for publikum på Sentralidrettsanlegget fredag kveld. Brørne Erlend og Brynjar frå Trondheim synte fram sine imponerande ballkunstar  og spektakulære triks for eit entusiastisk publikum. I tillegg deltok Ten Sing Bømlo med eit dansekurs for dei unge fotballspelarane.

Rema-cup med 1321 påmelde i alderen 7-12 år i regi av Bremnes idrettslag har vore ein folkefest på Sentralidrettsanlegget i helga. Dugnadsgjengen har gjort ein formidabel innsats for å få gjennomført arrangementet. Det blir fleire bilete og stemningsrapport frå turneringa i avisa onsdag.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.