annonse

Innbrot i fem hytter

Politiet etterforskar
Politiet etterforskar: Politiet har gjort tekniske undersøkingar etter hytteinnbrot på Sæverudsøy. Arkivfoto (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Onsdag fekk politiet inn melding om innbrot i fem hytter på Sæverudsøy.

Håvard Hammarstrøm

Det melder politiet på Twitter. Av Twitter-meldinga kunne det sjå ut til at hytteinnbrota hadde skjedd på Stord, men politiet stadfester overfor avisa Sunnhordland at det er snakk om fem hytter på Sæverudsøy. Politiet har denne veka vore på staden. Vitner er avhøyrte, og det er også sikra spor som skal undersøkjast nærmare. Sunnhordland skriv at alle hytteeigarane er kontakta, og dei er bedne om å fylle ut lister over det som er stole. Tidlegare denne månaden vart det meld om innbrot i ein bustad på Svortland.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.