annonse

Innbrot i tre hytter på Goddo

Har sikra spor
Har sikra spor: Politiet har sikra seg tekniske spor i jakta på gjerningsmennene eller kvinnene som står bak innbrota. Arkivfoto. (Foto: Håvard Hammarstrøm)

Politiet opplyser til Bømlo-nytt at det i nyttårshelga var innbrot i tre fritidsbustader på Goddo.

Håvard Hammarstrøm

Dermed er talet på hytter der det er oppdaga innbrot sidan i romjula komme opp i ni. Like etter jul vart det meld om innbrot i fem hytter på Sæverudsøy. I nyttårshelga vart det oppdaga innbrot i tre fritidsbustader på Hedlo på Goddo, og måndag vart det oppdaga innbrot i ei hytte på Gjøsæter. Politioverbetjent Trond Atle Sjøvoll seier alle hyttene og fritidsbustadene har til felles at dei ligg litt avsidesliggjande til.

– Me etterforskar no om desse har samanheng med kvarandre. Dersom nokon har sett noko utanom det vanlege håper me på tips. Me fekk tips etter innbrota på Sæverudsøy, seier Sjøvoll. Han håper dei som har gjort observasjonar på Gjøsæter og Hedlo sender inn tips via nettsidene til politiet eller på telefon 02800. Sameleis dersom ein skulle observere uvanleg åtferd rundt hytter og rorbuer elles.

Sjekk hytter og rorbuer

Politiet ønskjer ikkje å gå i detalj om kva som er stole av omsyn til vidare etterforsking. Det er sikra tekniske spor som politiet håper vil bidra til å finne fram til gjerningsmennene eller gjerningskvinnene. I og med at innbrotstjuvane har sikta seg inn mot hytter som har stått tomme kan ein ikkje utelukke at det kjem fleire meldingar om innbrot etter kvart som hytteigarane undersøkjer hyttene sine. Politiet oppmodar difor publikum om å sjekke rorbuene og hyttene sine, og gjerne passe litt ekstra på hytter og rorbuer, både eigne og naboane sine.

– Me er uroa over alle innbrota. Dette er ikkje vanleg, seier Sjøvoll, som poengterer at politiet jobbar vidare med å etterforske innbrota.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.