annonse

Innbrotsforsøk på Finnås

Innbrotsforsøk
Innbrotsforsøk: Politiet har vore på staden, etter forsøket på å ta seg inn i daglegvarebutikken på Finnås natt til søndag. Arkivfoto (Foto: )

Uvedkommande har prøvd å ta seg inn i daglegvarebutikken på Finnås natt til søndag. Eigarane ønskjer tips i saka.

Randi Olsen

Ei glasrute vendt ut mot parkeringsplassen og ei bakrute ber preg av at nokon har prøvd å ta seg inn i daglegvarebutikken på Finnås natt til søndag. Den ytterste delen av glasruta er forsøkt knust, det same er ei bakrute, skriv ein av eigarane, Idar Larsen, på butikken si facebookside søndag føremiddag.

Innbrotsforsøket er meldt til politiet som har vore på staden og sett på saka.

– Det har vore fleire arrangement i området i helga, så me har godt håp om at nokon kan ha sett noko, skriv Larsen som ønskjer tips. Han oppmodar dessutan dei som kan ha opplysningar om å kontakta politiet.

randi.olsen@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.