annonse

Innfører forbod mot open eld og bålbrenning

SKREKKSCENARIO
SKREKKSCENARIO: Frå skogbrannen ved Myntevik på Finnås for nokre år sidan. - Me ønskjer ikkje reprise på dette, seier brannsjefen. (Foto: Bømlo brann og redning.)
VIKTIG
VIKTIG: Brannsjef Ove Halleraker understreka overfor dei frammøtte på skogbrannsamlinga at det berre er eit spørsmål om tid før neste større skogbrann på Bømlo. (Foto: NILS-TORE SELE)

Tørkesommaren 2018 får følgjer. I dag innfører den lokale brannsjefen igjen totalforbod mot bålbrenning og bruk av open eld på offentleg stad.

Nils-Tore Sele

Dette skjer for andre gong på to månader. Første gongen var 23.mai.

– Me har følgd situasjonen nøye dei siste dagane. Skogbrannindeksen har auka til eit farleg høgt nivå i heile Sør-Norge. Godvêret har komme tilbake her hos oss. Det er veldig tørt og det bles ein del. Det skal ikkje komma ein drope nedbør på lenge. Det gjer at me i dag gjeninnfører totalforbodet mot bålbrenning og bruk av open eld på offentleg stad, seier brannsjef Ove Halleraker.

– Tyder dette at me ikkje heller kan grilla med kol heime?

– Nei, inntil vidare så går det bra, men me oppfordrar alle til å visa ansvar. Det er som sagt knusktørt no. Vår klare tilråding er å unngå kolgrillane og heller satsa på elektrisk grill eller gassgrill. Slikt som eingongsgrill frårår me rett og slett, understrekar brannsjefen.

Ferieavviklinga har også byrja for mannskapa hos Bømlo brann og redning.

– Me er snart i andre veka av juli, og då tek endå fleire ferie. Me er inne i den sesongen av året med dårlegast beredskap. Difor er vona vår at folk er ekstra påpasselege slik at me unngår skogbrann, fortel brannsjefen.

– Du gjer ikkje berre noko som er dumt om du tenner bål eller brukar open eld ute i naturen frå i dag av. Du gjer noko som er ulovleg, minner brannsjef Ove Halleraker om.

– Me vonar at folk respekterer forbodet me kjem med, seier han.

Det kjem sikkert godt med no at Bømlo brann og redning i vår arrangerte eit skogbrannseminar i rådhuset på Svortland der brannmannskap, sivilforsvar, Bømlo Røde Kors hjelpekorps og bønder møtte kvarandre for å snakka om den lokale skogbrannberedskapen.

– Skulle uhellet vera ute og ein skogbrann oppstår, legg det beslag på store ressursar og får omfattande følgjer for den generelle brannberedskapen vår, poengterer Halleraker.

– Under ein skogbrann vert mannskapa våre bundne opp til sløkkinga i terrenget, og det kan få konsekvensar om andre brannar oppstår. Det er noko eg tenkjer på no, det same gjorde eg også i mai då det første totalforbodet var innført. Målet vårt er heile tida å ha ein best mogleg brannberedskap for bømlasamfunnet, understrekar brannsjefen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.