annonse

– Integrering handlar mest om vilje

INTEGRERT
INTEGRERT: Sabah Samad har overlevd krig i Irak og han har reist seg igjen etter ei stygg arbeidsulukke på Bømlo. I dag driv han Pizzabakeren, ein triveleg treffstad i sentrum der han har mange ungdommar i arbeid. (Foto: )
Etter 20 år på Bømlo har Sabah Samad ei god oppskrift på integrering for innvandrarar. Den er like enkel som ho er vanskeleg
PIZZABAKEREN: Våg å seia hei. Ha vilje til å læra deg nytt språk. Aksepter forandring, og delta i så mange sosiale aktivitetar du kan. (Foto: )

Sabah Samad (53) kjenner at han er blitt bømling og vil ikkje bu nokon annan stad. Etter 20 år på Bømlo kan han litt om kva som skal til for å bli integrert her.

Ingvild Sjo

– Eg trudde det var eit stort sentrum her, smiler Sabah Samad og tek oss med tilbake til 1999 då han første gong kom til Bømlo. Til Olavskulen, som asylsøkjar frå Irak. Han er kurdar frå byen Arbil nord i landet. Ein ærverdig kulturby som står på UNESCO si verdensarvsliste. I kjernen av byen finn me ei 4000 år gammal borg, Qala. Denne bykjernen er i dag eit symbol på kurdarane sin nasjonale identitet. Sabah Samad måtte gje slepp på alt i heimlandet og flykta for å berga livet. At han hamna på Bømlo var tilfeldig.

– Du valde ikkje sjølv å koma hit?

– Eg hadde to val, og valde Bømlo, seier han om då han kom til Noreg. Når eit menneske innlét seg med menneskesmuglarar, så hamnar ein som regel ein heilt annan stad enn der ein trur. Sabah visste ikkje kvar han reiste til. Hovudsaka var å koma seg vekk frå krigen.

– Det einaste ein er oppteken av i ein slik situasjon, er å koma seg til ein trygg stad, seier han.

Var van med storby

Trygt var det på Bømlo, og lite. Då han såg at Moster var ein bank, ein bensinstasjon og ein butikk, bestemte han seg for å flytta igjen om eit halvt år.

– Fordi eg var van med å leva i ein storby, og eg trudde at eg måtte bu i ein storby for å trivast, fortel han.

– Men du er her enno?

– Ja. fordi eg opplevde at bømlingar er flinke folk, og snille. Eg fann snart folk som eg kunne ha som vener, og folk som rettleia meg, fortel han. Han gjekk på kurs og deltok i aktivitetar på Bømlo dagleg. Han byrja å slå rot i sitt nye heimland.

– Bømlo blei ein hyggjeleg stad fordi eg fekk norske venner, og eg møtte menneske som hjelpte meg med å starta mitt liv her. Slik byrja eg å kjenna meg heime.

Organisasjonane

Sabah Samad fann ein god veg inn i det norske samfunnet. Det var gjennom frivillige lag og organisasjonar.

– Eg prøvde å delta i mest mogeleg frivillige aktivitetar, seier han og nemner spesielt Frivilligsentralen og Røde Kors som viktige medspelarar i sitt nye liv.

– Då blei ting enklare for meg her, og eg fann meg jobb. Eg jobba som sveisar, fortel Sabah Samad. Han pendla ei stund til Stord Offshore, og seinare fekk han jobb ved Rubb Motor.

Det vanskelege

Sabah Samad sin prosess for å bil integrert i eit nytt samfunn var mykje basert på hans eigne initiativ. Kva var det mest vanskelege i prosessen?

– I byrjinga var alt vanskeleg, og det mest viktige var å finna vener lokalt og få eit nettverk. Ein må ha eit språk då, og eg kunne heldigvis litt engelsk slik at eg kunne koma litt i gang, fortel han.

I tillegg er han sikker på at ingenting vil skje utan innvandraren sin eigen vilje.

– Ein må ha vilje. Sjølv prøvde eg å delta i så mange aktivitetar som mogeleg. Eg prøvde å bli med på mange forskjellige ting, fortel han. Då lærte han nye ord, og for kvar dag vart ting lettare.

Å seia hei

– Du må våga å seia hei, seier han om å ta initiativ til å bli kjent. Sabah Samad fortel at når ein har dårleg språk er det viktig å ha mange nok menneske rundt seg til at dette vert tolt. Og ein må nytta høvet og bruka så mange ord som ein berre kan.

– Kva med andre frå heimlandet ditt. Heldt du deg for deg sjølv denne tida då du jobba med å få norske vener?

– Nei, eg hadde god kontakt med kurdarar òg. Eg synest det er viktig å blanda seg med ulike menneske, og eg var ei tid med i styret i Røde Kors. Då fekk eg kontakt med folk med andre nasjonalitetar. Det synest eg var bra, fortel han. Slik kunne han hjelpa andre med integrering, for det er mykje god sjølvhjelp i å vera til nytte for andre.

– Men eg måtte ha mest fokus på å hjelpa meg sjølv først, for om ein sjølv treng hjelp så er det vanskeleg å kunna hjelpa andre, seier Sabah Samad om ein viktig balansegang i livet.

Valde Bømlo

– Du er eit godt førebilete for ein flyktning som vil bli integrert på ein god måte?

– Ja, eg håpar det. Eg kan nok gje gode råd til korleis ein kan finna vegen fortare, seier han om erfaringar han har gjort seg.

– Kva tenkjer du om svenske tilstandar. Bilbrannar og slikt som er i media for tida?

– Få personar kan øydeleggja for mange menneske, men dei fleste er gode menneske. Eg trur at samarbeidet mellom regjering og organisasjonar må bli betre for å få løyst dette problemet, seier han.

– Kva med flyktningar som vert busette i det same nabolaget slik at dei utgjer ei gruppe, vil det gjera integrering meir vanskeleg?

– Det er alltid innvandraren sin eigen vilje som er mest viktig, og å læra seg det nye språket.

– Kanskje det var bra at Bømlo er ein liten stad når du skulle bli integrert?

– Eg hadde jo denne draumen om å bu i ein by, men første gong eg var i Oslo, bestemte eg meg for at eg aldri skulle flytta meir, seier han. Gode vener på Bømlo betyr meir.

– Livet er kjekt på grunn av menneska du har rundt deg, ikkje på grunn av storleik på byen, eller kva stad det er, seier han.

Sabah Samad har ikkje eigen familie, men han har vener som er like viktige. I dag er han bedriftsleiar med 14 tilsette i Pizzabakeren. Vegen dit har heller ikkje vore enkel. Det starta med ei arbeidsulukke som kunne ha kosta han livet.

Nesten slått i hel

Den 20. mai 2003 skjedde det ei stygg arbeidsulukke ved Rubb Motor. Det var Sabah Samad som fekk eit røyr i hovudet like over høgre auga. Det kraftige slaget førte til at han fall og skada seg i bakhovudet. Han overlevde, men det var ei tid kritisk. Det enda med tap av det meste av synet på eitt auga, og han fekk ein hjerneskade på 20 prosent reduksjon. Det fører til at han må bruka mykje krefter på det som krev hjerneaktivitet, til dømes snakking. Det tok fleire år å koma tilbake i arbeid. Sabah Samad ser heilt frisk ut, men er det ikkje.

– Etter ulukka var det veldig bra at eg hadde eit nettverk, seier han og fortel om korleis folk spesielt i Røde Kors tok seg av han og sytte for at han fekk koma på aktivitetar, og skyssa han heim.

Blei arbeidsgjevar

– Men i dag driv du eigen restaurant? Korleis gjekk det til?

– Eg blei lurt, seier han og ler godt. Han skulle investera pengar i restaurantdrift saman med andre, men det enda med at han vart både dagleg leiar og styreleiar med ansvar for alt.

– Men eg kunne aldri ha gjort dette utan hjelpa eg fekk av norske vener, seier han takksamt om Pizzabakeren som vart etablert i 2010. Han måtte finna seg eit arbeid der han sjølv kunne bestemma kva tid og kor mykje han skulle jobba. Løysinga er å vera med i drifta med det han kan, for mykje av arbeidet må han overlata til andre. Til dømes rekneskap og kontorarbeid.

– Andre Pizzabakeren som sel like mykje som eg, har gjerne overskot på 700.000 kroner, men eg må bruka meir ressursar, seier han og fortel at beste året han har hatt er 172.000 kroner i overskot.

Heimlandet

Slik gjekk det til at ein asylsøkjar frå Irak vart ein god bidragsytar til kommunekassen i Bømlo.

– Men kva med heimlandet ditt? Har du vore tilbake i Arbil i seinare tid?

– Ja, eg har vore i Irak to gonger, seier Sabah Samad. Etter 14 år kunne han reisa tilbake og sjå korleis det stod til.

– Korleis var det å koma tilbake dit og sjå samfunnet der?

– Det hadde vore gjennom ei veldig stor forandring, og det var framleis krig og utrygt. Eg kunne ikkje kjenna igjen bygningar, for det meste var øydelagt av krig og bygd opp igjen. Mange av dei eg kjende er døde, og vennene mine var forandra, seier Sabah Samad. Det var ikkje det biletet av heimstaden han hadde i hovudet.

– Så då forstod du at du var blitt norsk? Ein norsk kurder frå Bømlo?

– Ja, seier Sabah Samad og ler litt.

– Folk kan akseptera meg som bømling eller ikkje, men det er bømlingar som er mitt folk no.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.