annonse

Internasjonal matfestival på torget

Matfestival
Matfestival: Fjorårets internasjonale matfestival vart ein stor suksess. Arrangøren håper på like god oppslutnad kring årets festival (Foto: Stine R. Rørvik/Arkiv)
Ønskjer velkommen
Ønskjer velkommen: Leiar i Bømlo Røde Kors, Ann-Kristin Stensen og Prosjektleiar Rannveig Ingebretsen (Foto: Håvard Hammarstrøm)

22. september inviterer Bømlo Røde Kors til den sjette internasjonale kultur- og matfestivalen. Arrangøren håper fleire av våre nye landsmenn blir med og lagar mat frå sine opphavsland.

Håvard Hammarstrøm

Som tidlegare, samarbeider Bømlo Røde Kors med Bømlo vaksenopplæring om kultur- og matfestivalen. Det gode samarbeidet med Bømlo folkehøgskule held også fram. Folkehøgskulen markerer solidaritetsdagen parallelt med matfestivalen, og det gjer sitt til at det også blir mange aktivitetar for barna på torget på Svortland.

På programmet står også song og musikk med barnekor, Bømlo kulturskule, musikklinja på Stord vidaregåande skule og fleire til.

I tillegg opnar brannstasjonen på Svortland dørene sine for publikum. Med andre ord blir det mykje liv og røre i sentrum.

Mat frå mange land

Rannveig Ingebretsen er styremedlem i Bømlo Røde Kors og prosjektleiar for den internasjonale kultur- og matfestivalen. Ho fortel at det i fjor vart servert smaksprøver på rettar frå mange land til over 400 personar. Arrangøren håper på ein minst like stor suksess i år.

– Me har tidlegare hatt samarbeid med Bømlo mottak, og har eit godt samarbeid med Bømlo vaksenopplæring. Det kan likevel vera mange fleire som kjem frå andre land, og som har gode rettar dei kan lage til matfestivalen, anten dei kjem frå til dømes Sverige, Island, Tyskland eller Afghanistan. Me håper dei vil ta kontakt med Bømlo Røde Kors eller meg. Me kjøper inn råvarene, og maten blir seld til ein billeg penge med mål om å dekke inn utgiftene til råvarene. Maten blir laga på dugnad, seier Ingebretsen.

Visepresidenten kjem

Dei som er interesserte i å lage mat treng ikkje vera uroa over at dei skal lage mykje mat. Dei skal lage eitt fat med mat, smaksprøver, som skal stå på langbord saman med dei andre. Poenget er at dei som kjem, får smake. Arrangøren heng flagg ved kvart fat som syner kva land matretten stammar frå. Dei som har laga maten, og har lyst til det, kan også stå attmed retten dei har laga, men det er valfritt.

– Målet med festivalen er å få fram det fantastiske mangfaldet me har på Bømlo, at bømlingane får smake på eksotiske rettar og forskjellig mat. Mat og kultur er kontaktskapande. Me håper dette skal bli ein folkefest, seier leiar i Bømlo Røde Kors, Ann-Kristin Stensen.

– Me er stolte av at visepresident Morten Støldal i Norges Røde Kors kjem for å opne matfestivalen i år.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.