Bømlo-Nytt

Nyhende

Internasjonal vitjing på Bømlo vidaregåande skule

Internasjonal vitjing på Bømlo vidaregåande skule

– Det blir trist å ta farvel, for me har hatt det så kjekt her. Eg likar Noreg, seier Roberto Mozzá frå Napoli i Italia.

16 elevar og ti lærarar frå fem europeiske land vitja i førre veke på Bømlo, igjennom det EU-finansierte utvekslingsprogrammet Erasmus+. Fredag var det avslutningsmiddag, med tradisjonelle rettar frå alle landa.

Se dette bildet i full størrelse
Håvard Hammarstrøm - Nye vener frå Hellas Mari Gåsland og Dominyka Januzyte har hatt vitjing av Zenia Kofina, Vasilim Baloumi og Katerina Sygkelaki frå Athen. Gjestane har laga ein gresk salat, Dakos

Nye vener frå Hellas: Mari Gåsland og Dominyka Januzyte har hatt vitjing av Zenia Kofina, Vasilim Baloumi og Katerina Sygkelaki frå Athen. Gjestane har laga ein gresk salat, DakosFoto: Håvard Hammarstrøm

Klare for Europa

– Bømlo vidaregåande skule (BØV) er med i eit opplegg kalla «Getting equipped for Europe», saman med skular frå Spania, Hellas, Italia, Bulgaria og Slovakia, seier assisterande rektor Rebecca Hildebrandt-Paulin.

Når alle seks landa har hatt utveksling, skal deltakarane skal ha fått ny kunnskap om korleis det er å jobbe og utdanne seg i Europa. Det å ta i bruk den europeiske arbeids- og utdanningsmarknaden.

Se dette bildet i full størrelse
Håvard Hammarstrøm - Frå Italia Dei vitjande frå Napoli laga ein tradisjonell pastarett med mozzarella, Gnocci alla Sorentina. Med på biletet er Mauro Russo, Domenico Lanzante, Roberto Mozzá og Lucia Russo

Frå Italia: Dei vitjande frå Napoli laga ein tradisjonell pastarett med mozzarella, Gnocci alla Sorentina. Med på biletet er Mauro Russo, Domenico Lanzante, Roberto Mozzá og Lucia RussoFoto: Håvard Hammarstrøm

Å treffast, bu i vertsfamiliar og oppleve kvarandres kultur og levesett er viktig. Arbeidsspråket er engelsk, og elevane har løyst gruppeoppgåver.

Dette var tredje utvekslinga av seks i det toårige prosjektet. Tidlegare har fire elevar frå BØV vore i Athen, og fire andre har vore på Tenerife. Til hausten går turen til Bulgaria og Slovakia. Til slutt ventar Italia.

Se dette bildet i full størrelse
Håvard Hammarstrøm - Lærarane Lærarar frå seks land på BØV. Med på biletet er Ileana Tortoza (Italia), Hristina Kalaydzmieva (Bulgaria). Alexaki Athena (Hellas). Foteini Sifinou (Hellas) Carolina Àlvarez Simon (Spania), Christina León Castro (Spania), Diana Tsatsova (Bulgaria), Mirka Garekova (Slovakia), Ludmila Uneikova (Slovakia), Lene Agasøster (Noreg), Inger Anita Urang Rolfsnes (Noreg), Rebecca Hildebrandt Paulin (assisterande rektor, Noreg), og Torbjørn Hammersland (Noreg).

Lærarane: Lærarar frå seks land på BØV. Med på biletet er Ileana Tortoza (Italia), Hristina Kalaydzmieva (Bulgaria). Alexaki Athena (Hellas). Foteini Sifinou (Hellas) Carolina Àlvarez Simon (Spania), Christina León Castro (Spania), Diana Tsatsova (Bulgaria), Mirka Garekova (Slovakia), Ludmila Uneikova (Slovakia), Lene Agasøster (Noreg), Inger Anita Urang Rolfsnes (Noreg), Rebecca Hildebrandt Paulin (assisterande rektor, Noreg), og Torbjørn Hammersland (Noreg).Foto: Håvard Hammarstrøm

– Trist å reisa heim

Dei vitjande fortel om ei kjekk veke i Noreg. I tillegg til å sjå mykje av det grøne Bømlo og vitje Bømlo vatn- og avløpsselskap (BVA) har dei vitja Bergen, vore på museum og på Fløyen.

– Dette har vore ei flott oppleving. Naturen er vakker, maten er god og folka trivelege, seier Mauro Russo frå Napoli.

– Det var moro å reisa til Bergen, seier Domenico Lanzante.

– Ei fantastisk oppleving, og eit minne for livet, seier lærar Lucia Russo.

Se dette bildet i full størrelse
Håvard Hammarstrøm - God mat Tradisjonelle rettar frå seks land laga på kjøkenet på Bømlo vidaregåande skule

God mat: Tradisjonelle rettar frå seks land laga på kjøkenet på Bømlo vidaregåande skuleFoto: Håvard Hammarstrøm

Se dette bildet i full størrelse
Håvard Hammarstrøm - Internasjonal buffet Ser det ikkje godt ut?

Internasjonal buffet: Ser det ikkje godt ut?Foto: Håvard Hammarstrøm

Kjekt med besøk

BØV-elevane Mari Gåsland og Dominyka Januzyte har hatt kjekke og innhaldsrike dagar med vitjande frå Athen hos seg.

– Me har fått oppleve masse, og har synt fram mykje av Bømlo, seier Dominyka.

Veldig kjekt. Det har nesten ikkje vore nok dagar. Me ville syne fram så mykje, seier Mari.

Se dette bildet i full størrelse
Håvard Hammarstrøm - Minne frå Bømlo T-skjorter med stadnamn frå Bømlo

Minne frå Bømlo: T-skjorter med stadnamn frå BømloFoto: Håvard Hammarstrøm

– Det har blitt mykje engelsk?

– Ja, no byrjar me nesten å snakka engelsk automatisk, svarer Mari med eit smil.

– Veldig kjekt! Folk her har vore veldig gjestfrie, seier Zenia Kofina frå Athen.

– Me har vore på fotturar. Det er vakkert her, seier Vasilim Baloumi, også ho frå Athen, i det dei ska gå til bords.

 

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no