annonse

Italiensk trekantdrama i Moster Amfi

: (Foto: )
Elskhugsdrykk
Elskhugsdrykk: Nemorino måtte styrkja seg med ein drykk før han kasta seg ut i kampen om kjærleiken. (Foto: )
: (Foto: )
: (Foto: )
Vanskeleg val
Vanskeleg val: Valets kval. (Foto: )
: (Foto: )
: (Foto: )
: (Foto: )
: (Foto: )
Trekantdram
Trekantdram: Det er ikkje lett når ein tredjepart blandar seg i eit forhold. (Foto: )
Kjærleik
Kjærleik: Filippo M. Covre og Marzia Bonaldo var svært energiske på scenen i sine rollefigurar. Sjølv om språket var italiensk, var kroppsspråket universelt og alle forstod historia. (Foto: Stine R. Rørvik)
: (Foto: )
Hallo
Hallo: Nemorino (bak) og Adina Colombina, i forviklingar (Foto: )
Krigar
Krigar: Filippo M. Covre som Nemorino og Marzia Bonaldo som Adina Colombina, og Gianluca Da Lio som Capitan Tredent. (Foto: Stine R. Rørvik)
Dei vart gift
Dei vart gift: Hjalmar Selle sørgja for at det vart lukkeleg slutt, og ein skal ikkje undervurdera effekten av litt konfetti. (Foto: )
Gåve
Gåve: Skodespelarane fekk gåve. Blant anna ei t-skjorte med påskrifta Bømlagut, var tatt godt i mot. (Foto: )
: (Foto: )
Fest og moro
Fest og moro: Skodespelarane lagde mykje liv og røra. (Foto: )
: (Foto: )
: Gerd Helen Selle og Svanhild Vespestad frå Moster Amfi delete ut gåver og lovord. (Foto: )
På sparket
På sparket: Hjalmar Selle gjorde ein god jobb som prest. (Foto: )

Det vart kjærleik, drama og humor då teaterskodespelarane frå Venezia entra scenen i Moster Amfi på fredagskveld.

  • Stine R. Rørvik

Fire italiensk-talande-skodespelarar i fargerike kostyme, masker og enkle rekvisittar begeistra publikum som kom for å sjå teaterstykke.

Dei fleste viste nok ikkje på førehand at nokre måtte og delta på scenen under vegs.

Invitert

Det var Moster Amfi, som inviterte skodespelarane til Noreg og Bømlo. Dei var fire dagar på Bømlo, og før teater framsyninga på fredagen hadde dei ein workshop, torsdag kveld i amfiet.

Der lærde dei rundt 20 personane som deltok kva commedia dell’arte faktisk består av, og kva som var vanleg då det byrja på 1500-talet i Italia.

Ein fekk vite at det var ei teaterform som lét kvinner spele, noko som ikkje var særleg vanleg på den tida med tanke på Shakespeare og The Globe der menn spelte kvinner.

skodespelarspire

Ei som deltok var Bjørg Sofie Eline Sætre og ho sa dette etterpå;

– Det som er fascinerande med Commedia Dell’Arte er det at kvar karakter har eit spesifikt kroppsspråk ein skal gå ut ifrå og ei maska som er berre til denne karakteren. Me som var på workshopen fekk prøve oss litt på golvet ved leiing av skodespelarane. Dette var utruleg morosamt og gøy.

Dei fire skodespelarane frå Mondonovo, viste også fram dei forskjellige maskene og karakterane maskene representerte.

Det vart og dans under workshopen.

– Me fekk lære oss ein type runddans som enda opp i mykje latter då me sjølv skulle prøve det ut, fortel Sætre som har gått på teater i Bømlo Kulturskule før ho byrja på dramalinja på Skeisvang vgs. i Haugesund.

Ho fortel vidare

– Etter å ha vore på opptaksprøve, skal eg no byrje på Teaterhøgskulen i Nord-Trøndelag. Commedia Dell’Arte er ein teaterform eg syns er veldig spennande. Då eg såg at ein kunne delta på workshop med profesjonelle, måtte eg jo berre gå på den, seier ho.

Fredag

Basert på den komiske operaen L’eliksir d`amore framførte dei fire skodespelarane frå Italia ei framsyning der publikum plutseleg vart ein del av skodespelet.

Ein av dei som måtte opp på scenen var Bladet Sunnhordland sin journalist, Henrik, men han passa godt inn i rolla han blei tildelt.

Publikum fekk servert ein kjærleikshistorie som store delar handla om fargerike Nemorino Harlekin og den vakre Adina Colombina.

Nemorino er forelska i Adina, men vegen mot kjærleiken er ikkje alltid lett. I alle fall ikkje når ein tredjepart. kampkjempa Capitan Tredenti kjem i mellom dei.

Det einaste som kan hjelpe Nemorino ser ut til å vera kjærleiksdrykken Prosecco.

Nemorino vann hjarta til Adian og det vart bryllaup. Hjalmar Selle frå Moster vart også valt ut blant publikum og måtte ned på scenen for å vera presten som skulle vigsla han og Adina.

Det var diverre eit dårleg oppmøte under framsyning fredag, men dei som var der fekk ei festleg oppleving, latter og smil sat laust.

– Det var synd det var lite publikum, for dei hadde fortent at fleire såg på, seier Magnhild Hellsten, frå Bergen.

Hellsten har hatt hytte i 20 år på Straume og deltar på alt som er i Amfiet når ho er på hytta.

–Førestillinga var strålande og med koste oss. Trass mykje mygg, seier ho og ler.

The end

Då framsyninga var slutt gjekk Gerd Helen Selle og Svanhild Vespestad i Moster Amfi opp på scenen. Dei takka dei italienske skodespelarane, og delte ut gåver med lokalt innhald.

Dei hadde fått eit godt forhold til teatergruppa på den korte tida dei vitja. Sjølv fekk dei og gåver i form av ei veske frå Venezia, og ei andletsmaske.

– Synd at ikkje fleire kom, kanskje det vart litt for uvant for folk med ei førestilling som dette, me har jo ikkje hatt sånn førestilling her før. Men dei som kom koste seg iallfall, seier Vespestad.

– For ein gjeng utrulege folk og skodespelarar, seier Gerd Helen Selle.

Skodespelarane sjølv sa dette frå scenen då dei takka for seg.

– For ein fantastisk plass Bømlo og Norge er, me har hatt det kjempekjekt, og ikkje minst var det moro under workshopen vår, seier han.

stine@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.