annonse

Johan Castberg-kontrakt til Kværner

Flytande produksjonsskip
Flytande produksjonsskip: Slik ser Statoil føre seg at det flytande produksjonsskipet vil liggje ute på feltet når det er i drift frå 2022 (Foto: Statoil)
Johan Castberg
Johan Castberg: Slik vil produksjonsskipet sjå ut når det er ferdig (Foto: Statoil)

Statoil har tildelt kontrakt for overbygget på Johan Castberg til Kværner. Det fører truleg til at Kværner investerer for om lag 370 millionar kroner i verftet på Stord.

Håvard Hammarstrøm

Dette går fram av pressemeldingar frå Statoil og Kværner tysdag. Kontrakten som Kværner har fått inkluderer bygging og samanstilling av modulane til overbygget på produksjonsskipet på Johan Castberg-feltet i Barentshavet. Kontrakten har ein verdi på om lag 3,8 milliardar kroner.

Planlegg investeringar på Stord

I pressemeldinga frå Kværner går det fram at kontrakten gir betydeleg arbeid til verftet på Stord. Dette vil igjen føre til at Kværner ønskjer å investere rundt 370 millionar kroner i oppgradering av verftet i nabokommunen vår. Oppgraderinga inkluderer ny djupvasskai og oppgradering av krankapasiteten. Dette vil igjen gjera at verftet på Stord vil stå betre rusta til tilsvarande oppdrag i framtida, også med tanke på oppgradering av flytande plattformer heiter det. Investeringa vil bli gjort med atterhald om at denne blir godkjent av styret i Kværner.

Fleire verft

I pressemeldinga frå Statoil står det å lesa at arbeidet med modulane til det flytande produksjonsskipet vil gå føre seg på fleire verft i Noreg, der eitt av dei altså er Kværner-verftet på Stord.

– Dette er ein av dei store puslespelbitane for Johan Castberg, og utgjer ein sentral del av produksjonsskipet. Kontrakten omfattar bygging av til saman ti modular i tillegg til eit fakkeltårn og ein sentral røyrgate, seier Torger Rød, som er direktør for prosjektutvikling i Statoil. Han legg til at det har vore tøff internasjonal konkurranse om kontrakten.

– Me ser fram til godt samarbeid med Kværner i åra som kjem. Norske leverandørar har nok ein gong demonstrert konkurransekraft.

Ferdig i 2022

Etter planen skal byggjearbeidet gå føre seg fram til 2021. Deretter blir det ein kompleks prosess med samanstilling og tilkoplingar om bord. Alt skal vera klart til produksjonsstart som er berekna i andre halvdel av 2022. Totalinvesteringa i Johan Castberg-prosjektet er berekna til om lag 49 milliardar kroner. Feltet skal kunne produsere i over 30 år. Partnarskapen i Johan Castberg består av Statoil (50 prosent og operatør), Eni (30 prosent) og Petoro (20 prosent).

2000 tilsette

Kværner melder samstundes at kontrakten på det meste vil sysselsetja opp mot 2.000 personar i Kværner og underleverandørar.

– Me er svært godt nøgde med at me i sterk konkurranse har blitt vald som leverandør i eitt av dei viktigaste prosjekta i den globale olje- og gassmarknaden. I tillegg er det ein strategisk fordel for Kværner at me kan vidareutvikle ekspertisen vår med omsyn til flytande produksjonsskip, i og med at det er fleire felt under utvikling som truleg vil nytte seg av tilsvarande konsept, uttaler administrerande direktør i Kværner, Jan Arve Haugan.

Stord

Den engelskspråklege pressemeldinga frå Kværner gir ei meir detaljert oversikt over arbeidet som skal utførast av verftet på Stord: «Kvaerner’s state-of-the art facility at Stord will fabricate the modules for gas injection, for the re-compressor and for separation. The hull including living quarter fabricated for Statoil by Sembcorp in Singapore, will be delivered to Kvaerner’s facility at Stord in the autumn of 2020. The installation of all modules and integration will start immediately after arrival of the hull. The FPSO will be fully completed including commissioning and testing at Stord before the planned sail-away to the field in the first quarter of 2022».

Pressekonferanse

Det blir opplyst frå Kværner at det vil bli halde pressekonferanse på hovudkontoret til Kværner på Fornebu i 1230-tida tysdag. Her deltek mellom andre olje- og energiminister Terje Søviknes, Rød frå Statoil og Haugan frå Kværner.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.