Bømlo-Nytt

Nyhende

Jomfrujakt i Nordsjøen

Jomfrujakt i Nordsjøen

Ein blodraud flekk lyser på den svarte skjermen. Er han stor nok? Skipper Einar Eidesvik rynkar panna. Han er skeptisk.

– Kva trur du, Mathias?

Storebror Mathias Eidesvik kjem bort for å sjå på signala frå asdicen, han ristar på hovudet. Femti tonn, kanskje. Det vil seie ein stim på kring 300.000 sild som jagar over sandbankane i Nordsjøen. Mykje fisk, men i minste laget for desse karane. Ekkoloddet syner dessutan at stimen står nær botnen, 120 meter under oss.

– Silda står djupt no om morgonen, da er det vanskelegare å få ho i nota, forklarer Einar.

Han set fart vestover att, det kjem mange fleire sjansar.

Får 197 millionar til fiskerihamn

Femte generasjon

Vi er er nær 200 kilometer vest av Stavanger, om bord på ringnotbåten «Elisabeth», oppkalla etter mora til Eidesvik-brørne. Med sine 61 meter og 3600 hestekrefter er dette ein framifrå fiskereiskap for mennesket, og eit masseøydeleggingsvåpen for silda. Kraftblokk og vinsjar har teke bort blodslitet i det moderne sildefisket. Mannskapet er på berre ti mann, inkludert skipperen – ein erfaren og effektiv gjeng.

Mathias og Einar Eidesvik er femte generasjonen med sildefiskarar frå Bømlo. Dei driv Eidesvik Havfiske saman med to andre brør.

Yngstemann Einar på 35 år er kaptein på denne turen. Han er brå og kjapp i vendinga, full av sterke meiningar som kjem i rappe maskingeværsalver. Mathias er åtte år eldre, ein roleg og sindig kar som bed ei kort, stille bordbøn før kvart måltid. Brørne har visst alltid vore inderleg ulike.

– Når vi fekk noko nytt maskineri å leike med då vi var gutar, sette Mathias seg alltid ned og las bruksrettleiinga. Før han var ferdig med å lese, hadde vi andre alt starta opp reiskapen og gjerne køyrt han sund, seier Einar og gliser.

I dag set han meir pris på innstillinga til broren.

– Om alle hadde passa like godt på notbruket sitt som Mathias, hadde notbøteria gått konk.

«Elisabeth» la ut frå Langevåg kvelden i førevegen. Tettstaden der reiarlaget høyrer heime, har i dag 775 innbyggjarar. Det ville vore langt færre om det ikkje var for den driftige Eidesvik-slekta.

I tillegg til «Elisabeth» eig familien den pelagiske trålaren «Bømmelbas», og selskapet driv òg lakseoppdrett med lakseslakteri og setjefiskanlegg. Ei anna grein av slekta står bak reiarlaget Eidesvik Offshore, som er ein av dei største arbeidsgjevarane på Bømlo.

2

Ti milliardar

Det er mange andre på jakt her ute. Tidlegare denne morgonen passerte vi ein flokk spekkhoggarar, dei var ute i same ærend som Eidesvik-brørne. Dei store rovdyra dreiv ein sildestim opp mot vasskorpa, så yta skumma av panisk fisk og stupande sjøfugl. Men med slike konkurrentar i farvatnet nyttar det ikkje å kaste nota, forklarer Einar.

– Når det er kval i nærleiken, blir silda stressa og stimen deler seg. Og om du får kvalen i nota, går han rett gjennom.

«Elisabeth» er omtrent midt i Nordsjøen, nær delelina mellom norsk og britisk sone. Ein skulle tru at vi var midt i ingenting. Likevel er det eit underleg kulturlandskap vi seglar gjennom, det er investert langt meir kapital her ute enn i heile Barcode-rekkja med forretningsbygg i Oslo.

Stålmonster ruvar i havet kring oss. Vi stryk tett forbi oljeplattformene Ringhorne og Grane og produksjonsskipet Balder, og skimtar Jotun B-plattforma i disen i nord. Alt er del av Balder-feltet, operert av amerikanske Exxon, det største oljeselskapet i verda, som tappar ut energien lagra i 50 millionar år gammalt liv.

Men det er òg mykje levande liv å hauste av her. På skjermen lyser signala frå kring tjue ringnotbåtar og pelagiske trålarar i nærleiken, alle på jakt etter silda, alle gamle kjende for Eidesvik-brørne: «Trygvason», «Vestbas», «Krossøy», «Teigenes», «Liafjord», «Gardar», «Nordfisk», «Harto», «Lønnøy», «Østerbris», «Havglans», «Trønderkari», «Fiskebas», «Karmøy Viking» og enda fleire som eg ikkje får med meg namnet på, alle er innanfor ein omkrins på tjue nautiske mil.

Den samla verdien av desse båtane – inkludert kvotane deira, vel å merke – er truleg kring ti milliardar kroner.

 

500 år lang historie

Havet er stort, og det verkar underleg at så mange fiskebåtar skal klumpe seg saman på ein liten flekk i Nordsjøen. Årsaka ligg i Nederland, og har røter som går 500 år attende i tid. Nordsjøen har ei lang kulturhistorie. No i juni er det sesong for matjessild. Det nederlandske namnet tyder «jomfrusild»: Nordsjøsilda gyter om hausten, og i første del av juni har ho enno ikkje danna rogn og mjølke. I tillegg er silda svært velfødd på denne årstida, når ho meskar seg på overfloda av raudåte.

For å bli til matjessild må fisken gjennom ei mogning: Silda blir sløgd utan å fjerne bukspyttkjertelen – ho skal så å seie marinerast i si eiga kroppsvæske. Så blir ho lettsalta og frosen ned, og det er alt.

I Nederland er matjessild eller «Hollandse Nieuwe» ei populær sesongvare, med tilhøyrande ritual og festivalar på forsommaren. Og det er dei nederlandske oppkjøparane i Egersund som har ført ein stor del av den norske ringnotflåten til nett denne delen av Nordsjøen.

– Nederlendarane vil helst ha sild på kring 150 gram til matjes. Og det har blitt fiska ein god del av rette storleiken her dei siste dagane. Lenger nord i Nordsjøen er silda oftast større enn nederlendarane vil ha ho, fortel Einar.

Om silda er av rette storleiken og feit nok til å halde matjeskvalitet, kan det tyde ei krone eller to ekstra per kilo. Og iblant mykje meir, om det er lite sild å få kjøpt. Rekorden skal vere på over 23 kroner kiloen for matjessild. Men no er det bra med sild og mange båtar ute, altså kjøpars marknad. På denne turen er alt over fire kroner OK for Eidesvik-brørne.

Ei sild, og ei til

Det er skilnad på sild og sild. Den sildestammen nordmennene tradisjonelt har fiska på, gyt på seinvinteren langs norskekysten og lever i Norskehavet og Barentshavet. Nordsjøsilda er litt mindre av vekst, og gyt på hausten langs kysten av dei britiske øyane. Og det var nordsjøsilda som var grunnlaget for det første verkeleg store havfisket i verda.

På 1500-talet byrja det som nederlendarane kalla Het Grote Visserij, «det store fisket». Nederlendarane gjekk ut i Nordsjøen med store skuter kalla bussar, og fiska sild med drivgarn frå lettbåtar. For første gong trong ikkje mennesket lenger å vente på at sildestimane skulle kome nær kysten for å få tak i dei.

Nederlendarane salta silda i tønner om bord, og kunne difor vere ute lenge om gongen. Dette var forløparen til dei moderne fabrikkskipa.

På det meste hadde nederlendarane kanskje tusen sildebussar i sving i Nordsjøen. Dette fisket var ein av dei økonomiske berebjelkane for det som er kalla den nederlandske gullalderen. Men dei mange sildebussane til nederlendarane utanfor kysten av England forarga Oliver Cromwell, og striden om silda vart starten på ein serie krigar mellom England og Nederlanda på 1600-talet, der sildebussane var rekna som legitime krigsmål av engelskmennene.

Nederlanda beit lenge godt frå seg i sjøslaga, men mot slutten av hundreåret var britane blitt herrar over havet.

3

Kapitalen kom inn

Når eg ser armadaen av norske ringnotbåtar kring oss her i Nordsjøen, stadfester det biletet av nordmenn som eit sjøfarande folk. Og dette biletet er ikkje usant. Men sjølv om nordmenn har kryssa hava sidan vikingtida, var fisket i Noreg kystbunde forbløffande lenge. Av alle folka kring Nordsjøen var nordmennene dei siste som tok til med fiske på ope hav i stor skala. Nederlendarar, engelskmenn, skottar, tyskarar, danskar og tilmed svenskar – alle satsa dei på havfiske før nordmennene gjorde det. Ikkje før i siste halvdel av 1800-talet byrja norske fiskarar for alvor å gje seg ut på det opne havet.

Det handla neppe om at nordmennene var feige av seg. Men ulikt dei fleste andre fiskarar ved Nordsjøen trong dei ikkje å dra til havs. I Noreg var også skjergarden fiskerik, og både skreien og silda kom inn til norskekysten av seg sjølve for å gyte, og vart dermed tilgjengelege også for små båtar. I tillegg var det lenge lite tilgjengeleg kapital i Noreg for å satse på havfiske.

No er kapitalen komen til gagns i dei norske fiskeria. Kvotetaket for ringnotbåtane har blitt heva gong på gong, seinast i 2015. Målet med dei såkalla strukturerte kvotane har vore å få ein meir effektiv og lønsam fiskeflåte. Men kvotane som reiarlaga handlar med kvarandre, er no så dyre at det er svært vanskeleg å kome seg inn i dette fisket.

– Sjølve båten «Elisabeth» er vel verd kring 60 millionar kroner. Kvotane er kanskje verde 400 millionar, seier Einar.

Han står ved roret og vaktar skjermane i kveldinga, og ser etter raude flekkar på asdicen som kan gje avkastning på investert kapital. Mathias ligg på sofaen i styrhuset, og vi småpratar om fiskeripolitikk.

Eidesvik-brørne har blanda kjensler for utviklinga som deira eige reiarlag er ein del av. Med «Elisabeth» kan dei i år fiske 1186 tonn nordsjøsild, 2187 tonn norsk vårgytande sild, 1719 tonn makrell og 797 tonn lodde. Det er mykje fisk, men mange båtar har større kvotar. Og også Eidesvik-brørne vurderer å kjøpe seg opp, for å hengje med i galoppen. Bordet fangar.

– Kvotemarknaden har vore bra på somme måtar, men han har tragiske * * verknader òg. Kompisane mine trur meg ikkje når eg seier at eg ikkje likar utviklinga, men det er sant. Når du samlar meir og meir av kvotane på færre og færre båtar, drep du kystsamfunna til slutt, seier Einar.

– Prisen på kvotane har teke heilt laus, seier Mathias.

– No er det slik at du ikkje kjem inn om du ikkje er fødd inn i dette. Dette er med på å skvise ut mange som kunne vore interesserte i å drive fiske.

I Danmark, der struktureringa har gått mykje lenger enn Noreg, er det berre eit dusin kjempebåtar att i det pelagiske fisket, og éin einaste båt kan fiske 70.000 tonn årleg. I Noreg er det kring 80 ringnotbåtar i dag. Kanskje hadde 15 større båtar vore nok til å ta dei totale norske kvotane av sild, makrell og lodde, meiner Mathias.

– Det er ikkje vanskeleg å få opp fisken. Men det er mange på land som lever av fiskarane og aktiviteten dei skaper: fiskemottaka, den lokale butikken, elektrikaren i bygda – alt heng saman i eit lokalsamfunn. For kvar gong kvotetaket blir heva, ryk det arbeidsplassar både på sjøen og på land.

1

Attraktive arbeidsplassar

På andre sida har struktureringa gjort mykje av det ho var meint å gjere. Fiskeria har blitt meir lønsame dei siste tiåra, og fiskarane får langt betre betalt for arbeidet enn før – ikkje minst i ringnotflåten.

På 90-talet tente mannskapet til Eidesvik-brørne kring 800 kroner dagen, og var ute på fiske åtte månader i året. Det var eit stadig strev med å få tak i folk.

I dag er dei ti karane på «Elisabeth» å rekne som medlemmer av den norske fiskeriadelen. I eit godt år kan kvar mann tene over ein million kroner, og når båten berre er på sjøen kring 130 dagar i året, gjer det «Elisabeth» til ein attraktiv arbeidsplass. Men for å få bra folk må ein òg ha gode vilkår å tilby, understrekar Mathias.

– På Bømlo er det mange som har arbeidd i olja, og det har ikkje vore enkelt for fiskeria å konkurrere om folka med offshorenæringa. Men dei siste par åra er det mange som har ringt og spurt om vi har ein plass ledig, seier han og smiler litt.

Oljeprisfallet har justert noko på maktbalansen på havet. Sidan 2014 har talet på fiskarar i Noreg faktisk auka litt, for første gong sidan mellomkrigstida.

Tekn(olog)isk utvikling

Den raske tekniske utviklinga i fiskeria etter krigen gjorde meir enn å redusere talet på fiskarar. Lenge trudde norske havforskarar at det var umogleg å gjere skade på sildebestanden gjennom fiske, dei meinte han var altfor stor til at uttaket vårt kunne spele særleg rolle.

Men teknologien endra spelereglane. Store, havgåande ringnotfarty, ekkolodd, sonar, kraftblokk og nylonnøter førte til enorm auke i fangstane etter andre verdskrigen. Og i løpet av 1960-talet vart den vårgytande silda i Norskehavet, som normalt er den største fiskebestanden i heile Nord-Atlanteren, nesten utrydda. Truleg var årsaka ein kombinasjon av naturleg nedgang og overfiske, og bestanden tok seg ikkje opp att før på 1980-talet.

– Det som skjedde på sekstitalet, var galskap, meiner Mathias.

– Folk fiska tilmed opp småsilda til å lage fiskemjøl, ho var så lita at du fekk førti av ho i ei fyrstikkeske. Det går ikkje an å seie at det er rett, seier Mathias.

I dag er det stor usemje mellom fiskarar og forskarar om kor stor bestanden av den vårgytande silda er. Også Eidesvik-brørne meiner havforskarane undervurderer bestanden grovt.

– Dei kunne godt ha brukt meir av kunnskapen frå fiskarane. Men vi kan ikkje kaste ut alt det forskarane styrer etter, heller. Hadde det ikkje vore regulering av fisket, hadde det ikkje vore sild å fiske etter i dag, seier Mathias.

– Kan hende er det nokre gamle knarkar som framleis meiner at fiskarane burde få styre alt sjølve, men eg trur ikkje dei er mange.

– La gå!

Kveldstimane går, og eg anar ein viss frustrasjon hos Eidesvik-brørne. Dei har sett mange stimar, men ikkje funne nokon som er verd å kaste på.

– Det er løye at fisken skal vere så vanskeleg. Han er jo her ein stad, seier Mathias.

Først kvart på ti om kvelden ser det endeleg ut til å vere noko på gang. To raude flekkar dansar som spøkjelse over skjermen. Over hundre tonn til saman, meiner Einar, og silda har kome noko høgare i sjøen. Men dei to stimane skal helst smelte saman før det er verd å prøve eit kast.

Dei to brørne står bøygde i djup konsentrasjon over skjermane og diskuterer taktikken. Den opphøgde tittelen notbas er borte, det same er mykje av mystikken i sildefisket.

Men trass i alle elektroniske hjelpemiddel kan det framleis vere vanskeleg å fange silda. Det er mange variablar i dette spelet: Kva er retninga og farten til stimen? Kor djupt står han? Er silda roleg eller lettskremd? Kva er styrken og retninga på straumen?

Når stimen er i rørsle, må ein kaste nota i ein boge eit stykke i framkant, og håpe at silda ikkje smett under nota eller skiftar retning i siste liten, forklarer Mathias. Berre når stimen står stille, kan ein kaste nota i ein perfekt sirkel kring han.

«Elisabeth» sirklar sakte kring stimen. Ti på halv elleve har Einar bestemt seg, og gjev klarsignal.

«Lat gå!» ropar Tor Inge Vestvik frå vindauget bak på styrhuset til mannskapet på akterdekket. Dei har stått parat ei god stund.

Drivankeret går i sjøen, og den enorme nota kjem i rørsle lik eit stort rovdyr som bråvaknar, ein svart slange som kveilar seg ut og smett ned i sjøen for å jakte. Einar set fart på «Elisabeth», den grove vaieren renn ut frå tromlane, dei gule blåsene - flåa - teiknar ein halvsirkel i sjøen. Nota er 720 meter lang, og på midten er ho 188 meter djup. Dermed rekk ho botnen med god margin her i den grunne Nordsjøen. Men det tek nokre minutt for nedkanten av nota å søkkje til botnars, det tek tid å få sirkla inn stimen, og det tek tid før ein får snurpa saman nota i botnen så ho dannar ein tett pose.

For lang tid, viser det seg. Sildestimen skiftar retning i siste liten, og smett ut før løkka strammar seg kring han.

– Han skaut styrbord, seier Mathias.

Kraftblokka dreg inn ei slapp og tom not. Einar ristar på hovudet. Kvart bomkast kostar eit femsifra beløp i drivstoff, tidsbruk og slitasje på nota. Dette var siste sjansen denne kvelden. På akterdekket syt fire mann i gule oljehyrer for at nota legg seg slik ho skal, dei greier opp vaser og bøter nokre smårifter. Det svarer seg å ta vare på reiskapen sin, ei ny not kostar kring fire millionar kroner. Så er det kvelden. Fullmånen og ein gassflamme frå Ringhorne-plattforma lyser over eit roleg hav.

Kring 100 tonn

Neste arbeidsdag startar i eit heilt anna tempo enn den første. Eg blir vekt av Mathias litt over sju, han varslar om at dei er klare til å kaste. Eg kjem opp i styrhuset rett før nota byrjar å flyge ut i den grå morgonskodda. Også denne stimen er på kring hundre tonn, meiner Einar, men no oppfører silda seg slik han vil, ho held kursen inn mot nota.

Så snart ringen av gul flå er slutta ute på sjøen, byrjar havsulene å stupe. Eit godt teikn. Dei store, kvite fuglane skyt ned i vatnet som piler, og kjem opp att med sild i nebbet.

Maskinist Anton Waage Hope står framme i styrhuset med spakane som styrer kraftblokka, og dreg sakte nota inn mot skipssida. Det er kring 70 tonn i sekken, meir fisk enn eg nokon gong har sett før.

I dette fisket er dette eit brukbart kast, ikkje meir. Eit stort kast er på fleire hundre tonn, eit ekstremt kast på nærare tusen tonn.

Når nota er snurpa heilt saman, firer karane ein stor slange ned i sjøen og byrjar å pumpe. Silda flyg opp gjennom slangen, blir ført vidare langs eit samleband på framdekket og ned i ein av fisketankane, der ho raskt frys i hel. Tanken er kjølt ned til halvannan minusgrad ved hjelp av flytande ammoniakk.

Sildeskjela dryssar som snø over karane som greier nota på akterdekket. Så er «Elisabeth» klar til ny jakt. Heile operasjonen er unnagjord på under to timar.

Telefonane til Einar og Mathias byrjar å ringe, det er kapteinar frå andre båtar i nærleiken som vil vite korleis det gjekk og korleis silda oppførte seg.

I dette fisket deler båtane på alt av informasjon, forklarer Einar.

– Det er ingen vits i å halde noko hemmeleg. Om vi deler på informasjonen, kan alle spare litt tid og drivstoff. Alle tek jo kvoten sin uansett.

Resten av dagen lever ikkje opp til starten. Det neste kastet kjem kort tid etter det første. Denne stimen var kanskje på to hundre tonn, men igjen skjer silda ut til sida, og berre 15 tonn blir med i nota. Også sild kan vere humørsjuk, ser det ut til.

– Ho er vanskelegare no enn på den førre turen, seier Einar utpå dagen.

– Sist trefte vi på nesten alle kasta. Vi har vel vore bortskjemde før i år.

I åttetida på kvelden går det siste kastet – nok eit bomskot, berre ti tonn. Men 95 tonn i tanken får vere nok. Sild som har magen full av raudåte, taper seg fort, sjølv i nedkjølt tilstand. Og klokka sju i morgon er det ein matjesauksjon å rekke inne i Egersund, 130 nautiske mil borte. «Elisabeth» går austover gjennom regn og skodde. Radioen fyller styrhuset med svisker frå 80-talet.

1

Fesjå

I halv sju-tida om morgonen klappar vi til kai i Egersund, og eg får vere med på eit underleg, lite fesjå.

Åtte båtar stiller med fangsten sin på auksjonen inne i ein lagerhall, dei har sett fram kassar med vareprøver av silda på eit bord. Så kjem nederlendarane. Ni karar, dei fleste godt vaksne, går frå kasse til kasse og studerer silda med kjennarmine, dei klemmer på fisken, riv av skinnet og grev i kjøtet. Eg tippar at skilnaden på kvaliteten er minimal. Alt er truleg fiska på omtrent same tid og same stad i Nordsjøen, og snittvekta på alle fangstane er kring 160 gram.

Eg spør Jan van Duijn kva han ser etter i ei god sild. Han er ein blid, tettbygd kar frå firmaet Oudewijk i småbyen Katwijk aan Zee sør i Nederland, ein by som held seg med sin eigen årlege silderockefestival. Van Duijn har kome til Egersund for å grave i silda kvar forsommar i snart 20 år.

– Vi ser mest etter feittet, forklarer han.

– Feit sild gjev meir smak. 20 prosent er bra, 22 prosent er supert. Og vi ser på mageinnhaldet. Full mage gjev den beste mogninga. Folk i Nederland er kresne på matjessilda, særleg litt eldre folk.

Jan van Duijn skal pirke i mykje sild før han er ferdig i Egersund. Firmaet hans skal kjøpe kring 7000 tonn denne sesongen, kring halvparten av det årlege norske salet av sild til matjesproduksjon.

Det er ingen bodrundar med roping over sildekassane på denne auksjonen. Nederlendarane går inn i eit anna skur og diskuterer, så ringjer dei inn boda sine til Sildesalslaget. «Elisabeth» får 4,30 kroner kiloen for sine knappe hundre tonn, ein heilt grei pris.

Så dansar ringnotbåtane sakte vals over hamnebassenget før dei legg til ved mottaket til Pelagia, der silda skal pumpast frå tanken og inn på fabrikkanlegget.

Einar Eidesvik skaffar meg ei avskjedsgåve før eg reiser: ein ferdig pakke med frosen matjessild. Ho er tint når eg kjem fram til Oslo. Eg et nesten aldri sild, og har nokre mindre gode minne om heimekonservert spekesild frå barndomen. Men denne silda er noko anna, ein mild, fyldig smak, ho smeltar på tunga. Eg vel å ikkje tenkje på korleis ho er konservert. Eg tenkjer heller på korleis ho er fiska.

Saka vart først publisert i Dag og Tid.