annonse

Kårbø klar for EM-finalen

Kårbø i finalen
Kårbø i finalen: Tom Erling Kårbø er klar for finalen på 3000 meter hekk i EM. (Foto: Hasse Sjögren DECA)

Tom Erling Kårbø kvalifiserte seg tysdag til EM-finalen på 3000 meter hinder.

Håvard Hammarstrøm

Kårbø sprang i første heat i varmen i Berlin. Han hadde god kontakt med teten heile vegen og sprang i mål som sjettemann på tida 8:29:90. Det var tett på hans eigen personlege rekord. Kårbø var ikkje direkte kvalifisert for EM-finalen og var avhengig av å ha nok løparar bak seg på tid i andre kvalifiseringsheat. Det gjekk fint, og bømlingen skal dermed representere Noreg i finalen på torsdag.

– Det er store sjansar for at eg går vidare, men me veit ikkje. Eg er nøgd med løpet og føler ikkje at eg kunne ha gjort mykje annleis, sa Kårbø til NRK etter løpet.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.