annonse

Kårbø teken ut til EM i terrengløp

Klar for EM
Klar for EM: Tom Erling Kårbø er teken ut til EM i terrengløp (Foto: Arkivfoto)

Tom Erling Kårbø er teken ut i den norske landslagstroppen til EM i terrengløp 9. desember.

Håvard Hammarstrøm

Det meder Norges Friidrettsforbund i ei pressemelding tysdag. Noreg stiller med løparar i Menn U20 (6,3 km), kvinner senior (8,3 km) og menn senior (10,3 km). Til saman reiser 12 norske løparar til Tilburg i Nederland. I klasse menn senior får Kårbø selskap av Henrik Ingebrigtsen (Sandnes IL), Filip Ingebrigtsen (Sandnes IL) og Ørjan Grønnevig (IL Skjalg). Jakob Ingebrigtsen (Sandnes IL) skal delta i klasse menn U20. I kvinneklassa stiller mellom andre Karoline Bjerkeli Grøvdal (IK Tjalve).

Meisterskapen blir sendt på NRK2, så sundag 9. desember blir det høve til å sjå Kårbø på direkten.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.