annonse

Kårbø til topps i Nederland

Første siger
Første siger: Tom Erling Kårbø sprang laurdag kveld inn til sin første internasjonale siger på 3000m hinder, under eit stemne i Nederland. Arkiv (Foto: Thore Erik Thoresen)

Tom Erling Kårbø er i ferd med å finne forma som skal gje han startplass i verdensmesterskapet i London. Langevåg-guten imponerte då han laurdag kveld seinka bestenoteringa si og vann eit stemne i Nederland.

  • Svein Halvor Moe

– Det er spesielt to ting eg er fornøgd med i kveld. Det er at eg spring inn til ny personleg rekord og at eg vinn mitt første internasjonale stemne. Dette var klart årsbeste for mitt vedkommande, sa Tom Erling Kårbø etter at han hadde blitt klokka i mål på 8 minutt, 34 sekund og 19 hundredelar i tulipanlandet.

Den eldste av Kårbø-brørne opplevde at beina og resten av kroppen var meir samarbeidsvillige i Nederland enn i dei to stemna i Belgia. Det har mest sannsynleg samanheng med at han har fått eit formmessig løft i etterkant av dei gjennomkjøringane. Den lokale landslagsutøvaren har difor allereie byrja å glede seg til kommande helgs europacup i Finland.

Jaktar på VM-kravet

Tom Erling Kårbø sette seg i forkant av denne sesongen eit «hårete» mål. Det var å springe så fort på 3000-meter hinder at han vart tatt ut til verdensmesterskapet. To gonger har den eminente mellom- og langdistanseløparen representert Norge i EM.

2017 kan bli det året han får sin debut i VM-samanheng dersom det utviklar seg som Kårbø ønskjer. Han går no inn i ein viktig månad ettersom det kjem fleire store stemne.

– Det optimale i forhold til eventuelle VM-førebuingar hadde vore å klare kravet i god tid før verdensmesterskapet. Men det viktigaste er at eg klarer å springe under VM-kravet. Eg har aldri vore så nært det som eg var i kveld. Det er naturlegvis inspirerande og gir auka motivasjon inn mot europameisterskapet for lag kommande helg. I Vasa blir det forhåpentlegvis fine forhold og eit startfelt som har lyst til å springe fort, sa Kårbø til lokalavisa etter helgas stemne.

Første utanlandske triumf

Tom Erling Kårbø har opplevd mykje på friidrettsbanen og i løpssamanheng etter at han slo gjennom i slutten av tenåra. Det har blitt både NM-gull, gode plasseringar i Nordisk Mesterskap, landskampar og andre oppturar. Tom Erling nådde i fjor haust eit så høgt nivå at han i år såg muligheten for å kvalifisere seg for sommarens verdensmesterskap. Den er framleis til stades sjølv om det inneber at han må senke sin personlege rekord ytterlegare.

Tom Erling følte seg pigg allereie under oppvarminga. Mørkluggen forstod at det var mogelegheit for ei god tid dersom det var vilje i feltet til å halde farten oppe. Han konkluderte etter målgang at det hadde vore mogeleg å presse ned tida ytterlegare dersom det hadde vore nokre raske løparar som hadde ofra seg for at det skulle bli ei betre sluttid. Kårbø kommenterte likevel at han uansett var veldig fornøgd ettersom det vart bestenotering og siger.

Har veldig lyst på VM-deltaking

– Eg føler som sagt at det stemmer betre om dagen. Difor skal eg gjere det som er mogeleg for å komme til VM. Så får me sjå om det held til VM-deltaking. Eg føler at eg er god for betre tider enn det som er mi nye bestenotering. Spørsmålet er om eg er kapabel til å springe så mykje fortare at eg får klarsignal for VM, sa han som no går inn i den viktigaste perioden som toppidrettsutøvar.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.