annonse

Kjøpte idrettsgallakjolen frå Bømlo

BØMLAKJOLE
BØMLAKJOLE: Marit Bjørgen fekk tak i ein lekker svart kjole frå nettbutikk på Bømlo då ho skulle kle seg opp til Idrettsgallaen laurdag kveld. (Foto: FAKSIMILE FRÅ FACEBOOKSIDA TIL MALENES)

La du merke til Marit Bjørgen sin stilige, svarte kjole på Idrettsgallaen i kveld? Den har ho fått tak i frå Bømlo.

Nils-Tore Sele

Den pensjonerte langrennstjerna såg mot ein nettbutikk frå Bømlo då ho kjøpte seg gallakjole. Marit Bjørgen fann kjolen på nettbutikken til Malenes på Bømlo.

Det var ikkje ein reint lite stolt butikkinnehavar frå Bømlo, Torunn Hollund Haldorsen, som kunne fortelja om dette på facebooksida til butikken tidlegare i kveld.

- Utruleg kjekt å sjå at ho brukte kjolen på Idrettsgallaen. Det er skikkeleg gøy å ha selt kjolen til henne, seier den glade butikkeigaren om handelen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.