annonse

Klare når ulukka skjer

* I dagens avis kan du mellom anna lesa om Bømlo brann og redning som måndag gjennomførte øving på trafikkulukke i Håvik. Øvinga gjekk ut på at ein personbil med tre personar om bord hadde køyrt av vegen og inn i fjellveggen. To personar var alvorleg skadde og ein person i sjokk.

* Brannsjef Ove Halleraker seier at det heldigvis ikkje er så mange trafikkulukker på Bømlo lenger. Det kan ha å gjera med at vegane våre blir betre. I tillegg er bilane våre blitt sikrare slik at talet på alvorlege personskadar og dødsfall i trafikken går ned.

* Likevel er det framleis for mange som blir skadde og drepne i trafikken kvart år. Betre vegar og høgare fart fører også til at skadepotensialet er større ved ei eventuell ulukke. Me er glade for at Bømlo brann og redning øver på denne type trafikkulukker, slik at me som er på vegane kan kjenne oss trygge på at hjelpa ikkje er langt unna når ulukka først skjer. Og ikkje minst at brannmannskapet har god kunnskap om bruk av verktøyet som trengst.

* Øving handlar også mykje om erfaringsoverføring frå røynd brannmannskap til dei som har kort fartstid som brannmann- og kvinne. Det er viktig. Viktig er det også å sjå verdien av å styrke vaktmannskapet på hovudbrannstasjonen vår. Det er ei styrke for beredskapen.

* Me tykkjer også det er prisverdig av Bømlo Røde Kors hjelpekorps å stille opp på desse øvingane i regi av Bømlo brann og redning. Som Stine Brakedal seier er dette lærerikt for dei som er med i hjelpekorpset, og samstundes bidreg det til å gjera øvingane realistiske for brannmannskapa. Dei fortener ein varm takk frå oss alle.

* Me har ingen å miste. Køyr forsiktig.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.