annonse

Kommunen vil ha UNITECH-skulen

Store planar
Store planar: Slik ser UNITECH føre seg at den nye skulen kan bli sjåande ut (Foto: UNITECH)

Eit samrøystes formannskap støttar skuleplanane til UNITECH i Rubbestadneset.

Håvard Hammarstrøm

Bømlo KrF fremja interpellasjon om å støtte planar for ny vidaregåande skule i Rubbestadneset. Bømlo-nytt har tidlegare presentert planane UNITECH har for ein ny yrkesfagleg vidaregåande skule i Rubbestadneset.

Tilrettelegging

Kristeleg folkeparti kom til formannskapet med forslag om at kommunen ber Hordaland fylket vurdere forslaget frå UNITECH om byggje ny skule for så å leige denne ut til fylkeskommunen. I tillegg meinte KrF at kommunen bør arbeida for breidde i det vidaregåande tilbodet i kommunen, og for å få etablert ny havbrukslinje her. Til slutt bad partiet om at kommunen i arbeidet med ny reguleringsplan for industriområdet legg til rette for bygging av ny skule på området. Alt dette fekk full tilslutning i formannskapet. Etter innspel i møtet går interpellasjonen no vidare til kommunestyret.

Breidde i skuletilbodet

Det var gruppeleiar Birgit Sønstabø Esperø som fremja interpellasjonen. Ho sa at den vidaregåande skulen i Rubbestadneset hadde fått mykje merksemd i seinare tid.

– Me bør vera konstruktive som kommune opp mot fylket for å få til noko konkret. Det er viktig å presisere at me har to gode vidaregåande skular. Den yrkesfaglege opplæringa er viktig, men det er også studiespesialisering og helsefag. Det blir også gitt eit godt tilbod for tilrettelagt gruppe. Det er alvorleg at den mest sårbare gruppa er foreslått flytta vekk. Nokon må også tale deira sak, sa Esperø.

Om all vidaregåande opplæring i kommunen blir samla på ein plass, eller om det i framtida blir ein skule på to lokasjonar, er det viktig å sikre eit godt vidaregåande opplæringstilbod i kommunen, meinte ho.

Fekk full støtte

Torunn Laurhammer (Ap) sa at partiet hennar ville støtte interpellasjonen. Ho synte til at Bømlo Ap jobbar opp mot kollegaene i fylket i denne saka. No hadde det skjedd mykje sidan vedtaket om skulebruksplanen i fylket. Laurhammer fekk støtte frå Inge Reidar Kallevåg (H).

– Det er kjempepositivt med ein slik konkret interpellasjon. Utfordringa me har som politikarar er at det kan gjera vondt å snu i ei sak som alt er vedteke. Då må det gjerne vera nye moment som kjem opp. Det er det i denne saka. Etableringa til UNITECH er ny, og det at dei vil byggje ny og topp moderne skule, i alle fall ein ny fagskule, er også noko heilt nytt. Om det skulle bli aktuelt med ein felles skule med to lokasjonar så er det uansett betre enn det som ligg føre i dag, sa han. Morten Helland (KrF) meinte dette måtte vera midt i blinken med omsyn til pilotprosjektet som fylket alt har vedteke.

Ordførar Odd Harald Hovland (Ap) minna om at satsinga i Rubbestadneset no er den største industrisatsinga i Hordaland.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.