annonse

Konfirmantleir på bølgjan blå

Frå høgda
Frå høgda: Dei hadde oversikt over det meste frå mastetoppen på Statsraaden. (Foto: Trygve Leigland)
Hal i og dra
Hal i og dra: Tautrekkingskonkurranse var populært. (Foto: Trygve Leigland)
Mot toppen
Mot toppen: Konfirmantane måtte til pers i masta i løpet av turen. Det var langt opp. (Foto: Trygve Leigland)
Heldige med vêret
Heldige med vêret: Her får dei «nye gastane» orientering frå mannskapet omlivet om bord. (Foto: Trygve Leigland)

  • Laila Røksund

For femte året på rad har konfirmantane i kyrkjene på Bømlo vore på konfirmantleir om bord på staselege «Statsraad Lehmkuhl».

Dette er ein tur som me ser er av stor verdi for konfirmantopplegget vårt.

I år mønstra me på i Bergen. Tidleg laurdag morgon møttest me ved Svortland skule. Alle vart delte inn i vaktlag; raudt, blått og kvitt lag og fordelte seg i tre bussar som frakta oss til Bergen.

Vel om bord vart me ønskte velkomne av kaptein Marcus Seidel, før me gjekk ned i banjeren for ein god lunsj. Etter mat var det rullering på aktivitetar: Oppgåver saman med mannskapet, teambuilding og undervisning. Tema for helga var: «Kom og gå om bord». Aksel Lygre, Roald Drønen og Marius Økland sto for undervisninga under seglasen.

Veret denne helga var strålande, og aktivitetane på dekk vart gode opplevingar i solskinn og vindstille. Både ungdomar og vaksne utfordra seg sjølv til å entra riggen. Det er stort å få høve til å ta del i desse meistringsopplevingane.

Då det leid mot kveld ankra me opp ved Lysøen. Med den storslåtte villaen til Ole Bull i bakgrunnen og ein flott sommarkveld, fekk me ei fin ramme rundt laurdagskvelden. Mange flotte bilete av sjø, himmel og mastre vart tatt utover kvelden, og bileta vart heilt sikkert umiddelbart delte med omverda. I den flotte sommarnatta ordna også mannskapet til utandørs kino. Stemningsfullt!

Sundag morgon etter ein god frukost med både egg og bacon, var me igjen klar for aktivitetar på dekk. I undervisninga på laurdagen vart gudstenesta førebudd, og søndag, i det me ankom Bergen, feira me gudsteneste på dekk. Også den i strålande solskinn.

I løpet av helga fekk me verta betre kjende med årets konfirmantar. Gjennom teambuilding og felles samlingar fekk me gode møte med dei mange ungdommane. Dei deltok i dei ulike aktivitetane med stort pågangsmot: Dei tok vare på kvarandre, heia på kvarandre og såg ut til at dei nytte seglasen. Me som har ansvaret for konfirmantopplegget gler oss til å møta dei i ulike aktivitetar i løpet av konfirmantåret.

Laila Hansen Røksund, kyrkjelydspedagog



Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.