annonse

Korttidskontrakt til “Viking Neptun”

Viking Neptun
Viking Neptun: Eidesvik Offshore gler seg over å ha fått kontrakt med ein ny kunde. Undervassoperasjonane vil gå føre seg i Nordsjøen. (Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv)

Eidesvik Offshore har signert ein korttidskontrakt for subseaskipet «Viking Neptun» med SBM Offshore.

Håvard Hammarstrøm

Det melder reiarlaget i ei pressemelding. Skipet vil operere i Nordsjøen når arbeidet tek til denne månaden. Kontraktsperioden er på i overkant av ein månad, inkludert opsjonar. Sjølv om kontrakten er kortvarig, ser Eidesvik Offshore på denne som viktig.

– Me ser fram til å levere våre tenester til SBM Offshore, som er ein ny kunde for Eidesvik, uttaler administrerande direktør Jan Fredrik Meling.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.