annonse

Kunstgrasforskarane

Forskarane i klasse 8B har rista av seg gummigranulatet og er klare til å registrere funn i databasen. Med på biletet er
Miljødetektivar: Emilie Håvik Bjørnevik, Natalie Anglevik, Jarle Grindheim Eikeland, Marcus Ekeberg, Emilie Solstrand Furdal, Erik Olai Fauske Føyen, Erlend Gjerde, Antonie Eidet Grutle, Tobias Håvik Grønås, Johannes Hjelland, Jakob Hopsdal, Tiril Kippersund, Elise Røksund, Knut Røksund, Martha Turøy og lærar Jon Einar Eilertsen. Emily Kvarven Espeland og Sigurd Seglem Stavland var ikkje til stades då biletet vart teke (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Fotballkamp
Fotballkamp: Forskingsprosjektet har gjort sitt til at åttandeklassingane har fått spele fotball i naturfagtimen. Her er Elise Røksund på full fart framover (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Så Granulaten sprutar
Så Granulaten sprutar: Her ristar elevane av seg gummigranulat, eller «knottar», etter kampen (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Ein milliliter kvar
Ein milliliter kvar: Martha Turøy samlar her opp gummigranulat som elevane har rista av seg etter fotballkampen. Kvar spelar hadde i snitt om lag ein milliliter med granulat på seg etter kampen (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Desse fire fortel at det har vore kjekt å delta i forskingsprosjektet. Frå venstre
Kjekt å forske: Martha Turøy, Jakob Hopsdal, Natalie Anglevik og Knut Røksund (Foto: Håvard Hammarstrøm)
STUDERTE «knottar» I MIKROSKOP
STUDERTE «knottar» I MIKROSKOP: Kvar «knott» med gummigranulat er berre nokre få millimeter store. Tiril Kippersund og Elise Røksund studerer her gummiknottane i mikroskop (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Forstørra
Forstørra: Slik ser gummigranulatet ut i mikroskopet (Foto: Jon Einar Eilertsen)
Registrering i databasen
Registrering i databasen: Etter å ha spelt fotball og målt mengd granulat er elevane tilbake i naturfagrommet. Her blir forskingsdata registrerte i databasen (Foto: Håvard Hammarstrøm)

8. klasse på Moster skule og 5. klasse på Rubbestadneset skule deltek no i eit stort nasjonalt forskingsprosjekt. Målet er å finne ut kor mykje gummigranulat som festar seg til klede og sko under ein fotballkamp på kunstgrasbanen, og som dermed blir med ut frå banen.

Håvard Hammarstrøm

Foreldre til barn og unge som speler fotball på kunstgras kjenner godt til dei. Dei små «knottane» av gummi som har festa seg til klede og sko. Det kan opplevast som om dei er overalt.

Kor mykje oppmalt gummi hamnar eigentleg i vaskemaskinen, på trammen og ute i naturen? Forskarar har tidlegare anslått at opp mot 3.000 tonn gummigranulat forsvinn frå norske kunstgrasbaner i året. Eit nytt nasjonalt forskingsprosjekt skal gje eit meir nøyaktig svar. Her speler skuleelevar ei heilt sentral rolle.

Bømlaelevar er med

Over 20.000 skuleelevar i nær 1.000 skuleklassar frå heile Noreg deltek i september og oktober i Forskingskampanjen 2017, som Noregs forskingsråd står bak. Blant dei som deltek i forskingsprosjektet er altså skuleelevar frå Moster og Rubbestadneset. På Moster skule deltek åttandeklassingane, og ifølgje den offisielle oversikta på www.miljolare.no deltek også femteklassingane på Rubbestadneset skule. Når dei unge forskarane har gjort sin del av jobben, tek forskarar frå NILU, Akvaplan-NIVA, SINTEF og Havforskingsinstituttet over.

Viktig innsats

– Med Forskingskampanjen kan elevane bidra til ny kunnskap, og dei får eit innblikk i korleis forsking går føre seg. For forskarane tyder innsatsen til elevane at dei får henta inn data det elles ville ha vore vanskeleg å skaffe. Me tykkjer det er supert at så mange elevar har meld seg til å gjera denne viktige jobben, seier John-Arne Røttingen. Han er administrerande direktør i Noregs forskingsråd. Bømlo-nytt møtte fredag klasse 8B på Moster skule. Denne dagen skulle klassen levere sin endelege rapport.

Fotball i naturfagtimen

Skuleelevane hadde skifta til treningstøy, og møtte opp på kunstgrasbanen i Moster grendapark. Her vart dei delte inn i to lag som spelte kamp i til saman ein halv time. Deretter rista dei unge forskarane kleda sine og sko på eit tøystykke, ein prøveduk, som var lagt ut attmed tribunen. Sidan vart alt av gummigranulat på duken samla opp i eit plastrøyr. På røyret var det millilitermål. Elevane slo fast at denne gongen var det samla opp totalt 13 millimeter med gummigranulat.

– Førre fredag hadde me åtte milliliter plastknottar på oss, men då var banen tørr. Det vart meir knottar i dag då me spelte på fuktig bane, seier Knut Røksund (13). Han legg til at dei begge dagane hadde med elevar som spelte med fotballsko. Veka før gav det større mengd granulat på klede og sko enn i A-klassa (5 milliliter), der det ikkje vart spelt med fotballsko.

Oppmalte bildekk

Lærar Jon Einar Eilertsen seier elevane tykkjer det er kjekt å delta i forskingsprosjektet. Det er ein fin bonus å få spele fotball i naturfagtimen. I tillegg til å avdekkje kor mykje granulat elevane har med seg ut av banen, skal det registrerast kva type granulat som ligg på banen. I dag finst det ei rekkje ulike typar granulat. Kor miljøvenlege dei er varierer. Eilertsen fortel at ifølgje deira undersøking er gummigranulaten som er nytta på kunstgrasbanen i Moster grendapark, oppmalte bildekk.

Etter fotballkampen tek elevane med seg prøveresultatet til naturfagrommet på skulen. Der blir prøveresultatet registrert i databasen på internett. Elevane kikkar også på gummigranulaten i mikroskop.

Lærerikt prosjekt

Elevane fortel meir enn gjerne om kvifor forskingsprosjektet deira er viktig. Natalie Anglevik seier dei i naturfagtimane har lært om kva skade plast og gummi kan gjera når dette kjem inn i kretsløpet. Forskarane forklarer at når gummigranulaten hamnar i naturen kan både fugl og fisk få dette i seg. Det kan dei døy av. I tillegg har forskarane lært at dei får med seg meir gummigranulat når det vått enn når det er tørt. Dei får også meir «knottar» på seg når dei har fotballsko på seg enn når dei ikkje har det.

– I ballbingen er det sand! Det hadde gjerne vore betre.

Tek svinnet på alvor

Norges fotballforbund (NFF) har sendt ut ei pressemelding der det går fram at 90 prosent av granulatsvinnet skal vera redusert innan 2020. NFF har mellom anna skipa til ein rydjeaksjon kalla #påbanen. Det er også sett i gang pilotprosjekt i Mandal, Bergen og Levanger for å finne ut kva tiltak som verkar best for å redusere granulatsvinnet. NFF rår til å etablere tryggleikssone for måking av snø rundt banen, og at klubbar innfører rutinar for å riste av granulat frå klede og sko før ein går frå banen. NFF har i tillegg lyst ut ein konkurranse der dei ryddigaste banane blir premierte. Frå NFF heiter det at det ikkje er noko godt alternativ til kunstgrasbanene i dag.

– Granulatet høyrer heime på banen. Dit skal me no bringe det tilbake, heiter det i pressemeldinga.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.