annonse

Kurs i kjønns- og seksualitetsmangfald

Ta turen
Ta turen: Psykiatrisk sjukepleiar Øyvind Marsteen i barne- og familietenesta i Bømlo kommune håper på mange påmelde til kursa i regi av Rosa kompetanse (Foto: Grethe Kjøsnes/Arkiv)

Tysdag blir to gratis kurs om kjønns- og seksualitetsmangfald blant barn og unge.

Håvard Hammarstrøm

Kursa blir skipa til i samarbeid mellom barne- og familietenesta i Bømlo kommune og Bremnes idrettslag (BIL). Målet er å hindre diskriminering og fremje inkludering.

Først blir det kursopplegg for dei tilsette i Bømlo-skulen på ettermiddagstid.

Deretter blir det eitt kurs for frivillige i idrettslag på kvelden, for lagleiarar, trenarar, oppmenn og foreldrekontaktar.

Det blir streka under at personar frå alle idrettslag i kommunen er velkomne til Bømlohallen denne kvelden.

Kompetanseheving

Det er Rosa kompetanse i organisasjonen FRI (Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald) som står bak kursopplegget. Kurshaldar er Hilde Arntsen. Ho kjem til å snakke om kjønnsnormer, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, diskriminerande ordbruk og inkluderande praksis.

– Rosa kompetanse jobbar for at alle barn, òg dei som bryt med normer for kjønn og seksualitet, skal føle seg trygge og inkluderte. Kursa er praksisnære og kunnskapsbaserte, og dei blir godt evaluerte av kursdeltakarane, heiter det.

Brei forankring

Opplegget blir støtta av Utdanningsforbundet, Fagforbundet, Pedagogstudentene, Elevorganisasjonen og Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG).

Kurset er altså gratis, og blir finansiert av Utdanningsdirektoratet og Helsedirektoratet. Arrangørane håper mange nyttar sjansen til påfyll av ny kunnskap som sikrar god inkludering.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.