annonse

Kval i Bømlafjorden

Utruleg oppleving
Utruleg oppleving: Det var ei stor oppleving å få sjå kvalane på nært hald (Foto: Hege Jakobsen Valde)
Kvalsafari
Kvalsafari: Etter kvart var det fleire som fekk sjå kvalen på nært hald (Foto: Hege Jakobsen Valde)
Majestetisk syn
Majestetisk syn: Kvalane sumde attmed båtane i retning Bømlabrua (Foto: Hege Jacobsen Valde)

Laurdag vart det gjort fleire observasjonar av ein flokk kvalar i Bømlafjorden.

Håvard Hammarstrøm

Dei som var så heldige å vera i båt i fjorden fekk ei naturoppleving av dei sjeldsynte, som desse bileta syner. Dei som kontakta Bømlo-nytt fortalde at det nærmast kokte i fjorden, så mange kvalar var det.

Heilt fantastisk

Hege Jakobsen Valde som jobbar i marknadsavdelinga i Bømlo-nytt var blant dei som fekk oppleva kvalane på nært hald. Det er ho som har teke stillbileta og den nedste filmen som blir presenterte i denne saka. Filmen øvst i saka er laga av Linda Renate Nes og Johan Kåre Stokka. Valde fortel at det var ei heilt fantastisk oppleving å sjå kvalen tett på.

– Eg har sett nise før, men ingenting som dette, og så mange! Først trudde me det berre var nokre få, men så kom det berre fleire, og fleire og fleire. Me lurte på kvar dei var på veg, men dei sumde i retning Bømlabrua. Me spøkte med at dei kan hende var på veg til Akvariet i Bergen, seier Valde med eit smil.

Mange skodelystne

Etter kvart var det fleire skodelystne som samla seg i nærleiken av kvalane i båtane sine. Det var også nokon som hadde sendt opp ein drone i lufta. Valde seier ho lurte litt på korleis det ville gå dersom det vart kollisjon mellom ein av småbåtane og kval, men heldigvis såg det ut til å gå bra.

– Det var gjerne det varme vêret som gjorde at me fekk denne opplevinga. Den lyden dei laga, og i det vêret? Det var nok ei oppleving ein berre får ein gong i livet. Det var svært spesielt. seier Valde. Utan å vera heilt sikre er det fleire tips som går ut på at det truleg var grindkval som vart observert.

Kontakt gjerne underteikna dersom de har andre tips om kvalobservasjonane.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.