annonse

Kværner har fått to kontraktar for demolering av plattformer

: Valhall QP topsides and bridge (left) (Foto: www.akerbp.com)
: Varg A. (Foto: Talisman Energy Norge AS)

Demoleringsanlegget på Eldøyane er sikra jobb i to år framover. Dei startar allereie til sommaren.

Randi Olsen

Kværner har inngått avtale med Allseas for resirkulering av plattformdekket og brua til den 36 år gamle Valhall QP-plattforma når Allseas fjernar denne installasjonen for operatør Aker BP i 2019. Strukturane vil bli teke frå kvarandre i løpet av vinteren 2019 og våren 2020. Det skriv dei i ei pressemelding som er sendt ut i føremiddag.

Kværner har også signert ein kontrakt med Saipem UK for gjenvinning av Varg A-installasjonen. Saipem skal fjerne installasjonen frå feltet på vegner av Repsol. Varg A vart opphavleg levert av Kværner sitt verft i Verdal i 1997. Plattformdekk, mono-tårn, pålar og diverse tilbehøyr vil bli levert til Kværner sitt demoleringsanlegg på Stord sommaren 2018 for demontering og gjenvinning, heiter det i pressemeldinga.

Kværner sitt anlegg på Stord har spesialisert seg innan miljøvennleg avhending, og har høgt fokus på gjenbruk og gjenvinning av komponentar og materialar frå utrangerte offshore-plattformer og subseaanlegg.

Det er eit stort tal slike installasjonar på norsk sokkel og eit endå større mengd i resten av Nordsjøen. Kværner har som mål å auke verksemda knytt til fjerning og avhending av utrangerte offshoreinstallasjonar.

– I løpet av det siste året har me sikra fleire kontraktar for gjenvinning av nedstengde olje- og gassanlegg. Med eit aukande tal offshore-installasjonar som når slutten av produksjonen, er avtalane med Allseas og Saipem for fjerning og gjenvinning strategisk viktige for oss, seier Guro Høyaas Løken, SVP Decommissioning & Marine Operations i Kværner til slutt i pressemeldinga.

randi.olsen@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.