annonse

Låge tap og god vekst

: (Foto: )

* Sparebanken Vest har i fyrste kvartal eit resultat før skatt på 449 millionar kroner, opp frå 432 millionar kroner i same periode i fjor og ein eigenkapitalavkastning på 10,1 prosent. Resultatet er prega av auka netto renteinntekter, god kundeaktivitet, ei inntektsføring på 29 millionar kroner i nedskrivingar på tap og garantiar i kvartalet grunna betra marknadsutsikter og god porteføljekvalitet. Frende Forsikring påverkar likevel resultatet negativt då selskapet leverer eit svakare resultatbidrag som følgje av høgare skadeutbetalingar og svakare utvikling i finansmarknaden. – Eg er nøgd med at det har vore høg og positiv aktivitet i fyrste kvartal. Den samla utlånsveksten på 7,5 prosent siste 12 månader stør opp under banken sine vekstmål for inneverande år, seier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.