annonse

Laksesjukdom i Gissøysundet

ILA
ILA: Det er påvist ILA i Bremnes Seashore sin lokalitet her i Gissøysundet. Pressefoto. (Foto: )

Laksesjukdomen ILA er påvist i Gissøysundet vest av Bømlo. Bremnes Seashore ventar eit økonomisk tap på fleire titals millionar kroner.

Håvard Hammarstrøm

Dette melder Bremnes Seashore i ei pressemelding tysdag morgon. Administrerande direktør Einar Eide opplyser at det vart teke 15 såkalla PCR-prøver laurdag 5. august med bakgrunn i obduksjonsfunn. To av prøvene var positive for ILA.

– Bremnes Seashore har sett i verk umiddelbare tiltak for å hindra mogeleg spreiing. Vidare tiltak på lokaliteten vil skje i samråd med Mattilsynet, skriv Eide i pressemeldinga. Det skal tidlegare i år ha blitt påvist ILA i eit anlegg i Kvinnherad.

Betydeleg tap

Eide seier til Bømlo-nytt at verksemda set i verk ulike kompenserande tiltak for å redusere dei negative konsekvensane. Han rekner det likevel som ganske sikkert at all fisken i anlegget, om lag 2.000 tonn, må slaktast med ei vekt på om lag to kilo i staden for fem kilo som er normal slaktevekt.

- Dette vil nok tyde nokre titals millionar kroner i tap for oss, seier Eide.

– Kva vil dette tyde i praksis for produksjonen dykkar?

– Det vil tyde at me no får litt meir arbeid ei periode og så mindre arbeid seinare. Om dette vil tyde permitteringar på sikt er for tidleg å seia noko om i dag, seier han.

– Har Bremnes Seashore hatt ILA tidlegare?

– Då snakkar me fleire tiår tilbake i tid. Det er veldig lenge sidan det har vore ILA i eit Bremnes-anlegg.

Smittsom laksesjukdom

ILA står for Infeksiøs lakseanemi, Dette er ein alvorleg smittsom virussjukdom hos laks. Sjukdomen er også påvist hos regnbogeaure i oppdrettsanlegg og hos vill sjøaure. Viruset liknar på influensavirus som gir sjukdom hos fugl og pattedyr. Viruset går til åtak på cellelaget som kler innsida av blodkar og hjarte. Blodårene til fisken blir råka og skaper blødningar. Sjukdomen vart først påvist i Noreg i 1984, og har vore påvist i dei fleste land med kommersiell lakseoppdrett. I dei fleste tilfelle fastset Mattilsynet ei kontrollområdeforskrift for bekjemping av sjukdomen. Skriftlege kjelder: pressemelding Bremnes Seashore, www.Intrafish.no og www.vetinst.no.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.