annonse

Langtidskontrakt til «Seven Viking»

«Seven Viking»
«Seven Viking»: Subseaskipet «Seven Viking» har fast kontrakt fram til utgangen av 2025. (Foto: Per Eide/Arkiv)

Det er inngått avtale om forlenging av eksisterande kontrakt for subseaskipet «Seven Viking».

Håvard Hammarstrøm

Dette går fram av ei børsmelding som gjekk ut onsdag ettermiddag. Kontrakten er inngått mellom Eidesvik Seven Chartering AS, som eigar av skipet, og Subsea 7. Eidesvik Seven Chartering AS er eit såkalla joint venture-selskap eigd av Subsea 7 og Eidesvik Offshore ASA.

Kontrakten gjer at «Seven Viking» har fast kontrakt heilt mot slutten av 2025. I avtalen ligg det også inne opsjon på ytterlegare eitt år.

– Me er svært godt nøgde med forlenging av vårt langvarige og gode samarbeid med ein så stor aktør som Subsea 7, uttaler administrerande direktør Jan Fredrik Meling.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.