annonse

Leiarskifte i Eidesvik Invest

Ny administrerande direktør
Ny administrerande direktør: Signe Lund Jansen er ny administrerande direktør i Eidesvik Invest frå 1. juli. (Foto: Leif Kristian Vorland)
FAKTA

Signe Lund Jansen tek over som administrerande direktør i Eidesvik Invest etter Kolbein Rege.

Håvard Hammarstrøm

Signe Lund Jansen (53), overtar som administrerande direktør (CEO) i Eidesvik Invest AS,  frå 1. juli. Noværande administrerande direktør, Kolbein Rege, går då av med pensjon. Han held fram som styreleiar i Eidesvik Offshore ASA, og i deltidsstilling som konsulent i Eidesvik Invest. Som del av sin nye stilling tek Lund Jansen over som styreleiar eller styremedlem for ei rekkje av selskapa der Eidesvik Invest er hel- eller deleigar. Styreleiar Lars Eidesvik i Eidesvik Invest er glad for at det er Lund Jansen som tek over roret etter Rege:

– Når Kolbein Rege, som passerte 67 år i januar, ei tid tilbake informerte oss om at han ville redusera sin yrkesmessige aktivitet, så er me veldig glade for at Signe Lund Jansen, som har vore hans nærmaste medarbeidar i de siste 14 åra sa seg villig til å overta stillinga. Ho kjenner våre selskap ut og inn, og me har full tillit til at ho vil videreføra arbeidet på ein svært god måte og utvikle selskapet vidare. Vi er veldig takksame for det arbeidet som Rege har utført for Eidesvik-gruppen gjennom snart 25 år, og ser fram til eit fortsatt tett samarbeid vidare, sier styreleiaren.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.