annonse

Leiteaksjon i Espevær

Kom til rette
Kom til rette: Kvinna som vart meld sakna her i Espevær kom til rette og var i god behald, melder Sør-Vest politidistrikt. (Foto: )

Det vart i natt gjennomført leiteaksjon etter ei sakna kvinne i Espevær.

Dette melder politiet på Twitter. Der står det å lese at leiteaksjonen tok til då ei kvinne tidleg i 20-årsalderen vart meld sakna klokka 0215. Kvinna vart funnen i god behald like før klokka 0500.

Funnen i båt

Stig Skarshaug er skipsførar på redningsskøyta «Bergen Kreds». Han fortel at redningsskøyta vart kalla ut frå Haugesund og kom fram til Espevær om lag klokka 0340.

– Me starta søket ved kaia i Espevær og kom etter kvart til Svartesjøen. Her la me merke til ein båt som låg med tente lanterner. Me lyste på båten og såg at det dogga på glaset. Det kunne tyde på at det var folk om bord. Me varsla to frivillige som søkte i hamna, og som kunne sjekke båten. Dei fann kvinna i god behold og tok hand om ho, fortel Skarshaug.

Godt samarbeid

Skipperen seier han er glad for at kvinna vart funnen såpass raskt og at ho var i god behold. Samstundes roser han det gode samarbeidet med Røde Kors, brannvesen, redningsskøyta frå Stord og politi som deltok i leiteaksjonen både langs kysten og på land.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.