annonse

Lekterbrann i Hovlandshagen

Ettersløkking
Ettersløkking: Mannskap frå Bømlo brann og redning fekk raskt kontroll over brannen. (Foto: Geir Einarsen)
Full utrykking
Full utrykking: Naudetatane rykte ut då det kom inn melding om brann i ein lekter der det var gasstankar om bord. (Foto: Geir Einarsen)
Politiet på plass
Politiet på plass: Politiet er på staden (Foto: Geir Einarsen)
Brann i lekter
Brann i lekter: Politiet etterforskar brannen (Foto: Geir Einarsen)
Brann i lekter
Brann i lekter: Mannskap frå Bømlo brann og redning jobbar om bord på lekteren (Foto: Geir Einarsen)

Politiet melder om at brannvesenet har sløkt brann i ein lekter på Søra Bømlo.

Håvard Hammarstrøm

Bømlo brann og redning fekk klokka 0915 torsdag inn melding om brann i ein lekter på om lag 50 meter som stod i brann. Politiet melder at mannskapet på lekteren vart evakuert då det tok til å brenne. Ingen vart skadde i brannen.

– Brannvesenet melder at brannen skal vera sløkt. Gassflasker som var om bord i lekteren skal vera tekne i land. Ingen personar skal vera kome til skade som følgje av brannen, opplyser Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

Blir etterforska

Operasjonsleiar Victor Jensen i Sør-Vest politidistrikt opplyser til Bømlo-nytt at lekteren skal vera om lag 50 meter lang, og at denne låg til kai i industriområdet i Hovlandshagen då det tok til å brenne.

– Det var ein del gassflasker og diesel om bord. Gassflaskene var aldri truga av brannen, og dei vart tekne på land. Det var ikkje aktuelt å evakuere området. Brannen kan ha starta i ein hjelpemotor, og det ser ut til å vera ein teknisk årsak, men Stord lensmannskontor vil etterforske dette vidare. Me har vore på staden og gjennomført avhøyr. Me har også snakka med representantar for eigaren av lekteren, opplyser Jensen.

Full utrykking
Full utrykking: Naudetatane rykte ut då det kom inn melding om brann i ein lekter der det var gasstankar om bord. Foto: Geir Einarsen
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.