annonse

Lempar laks for harde livet

I FULL SVING:
I FULL SVING: Kai Are Bringedal, Sander Hallesen, Sandra Høyvik, Alf Harald Bergli, Georg Hillestad og Tomas Sibylski hos Haugaland Bilberging lempar og flyttar laksekassar. 18,5 tonn skal over frå ein trailer til ein annan. (Foto: NILS-TORE SELE)
FULL FART
FULL FART: Gaffeltrucken får mange turar mellom dei to vogntoga. Når all laks er på plass i omlastingstraileren, vil det ta to-tre timar før ulukkesvogntoget står oppå asfalten att, opplyser bergingsselskapet. (Foto: NILS-TORE SELE)

Det blir lasta over laksekassar i eit høgt tempo i Lyklingskogen no. Bergingsselskapet og Girteka-sjåførar lastar laks frå ulukkestraileren til ein annan.

Nils-Tore Sele

Siste nytt frå bergingsplassen i Lyklingskogen er at i 18.50-tida starta bilberginga. Ulukkestraileren er tømt for laks.

Klokka 16.50 torsdag ettermiddag hadde bergingsmannskapa endå nokre tonn att med laks å flytta frå ulukkestraileren til eit anna vogntog.

Denne omlastingstraileren var på plass på ulukkesstaden litt etter klokka 14 i ettermiddag. Girteka-traileren rygga frå nordre nedkøyringa til Lyklingsjøen, forbi kyrkja og opp der ulukkestraileren no har stått i meir enn 24 timar.

Ein distanse på rundt ein kilometer la han bak seg i revers for å komma sin uheldige kollega til hjelp.

Arbeidet med å rydda ut av ulukkestraileren starta med ein gong. Laksen hadde halde på kulda i kassane, fekk Bømlo-nytt opplyst og innsatsen vart sett inn med full styrke for å redda lasta.

- Kor lang tid me brukar på å tøma ulukkestraileren er vanskeleg å seia. Eg er redd det går fort no i byrjinga, men så blir me trøytte. Det er tungt arbeid å flytta kassane for hand, seier Kai Are Bringedal til Bømlo-nytt.

Bringedal er redd det går med ein del timar, og når traileren er tømt, vil det ta dei to til tre timar før ulukkestraileren er oppe på asfalten att.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.