annonse

LOS Marine AS har fått ny sjef

NY SJEF
NY SJEF: Olav Hilmar Koløy er tilsett som dagleg leiar ved LOS Marine AS i Rubbestadneset. (Foto: Magne Raknes/LOS-gruppen)

Olav Hilmar Koløy er tilsett som dagleg leiar ved LOS Marine AS i Rubbestadneset.

Nils-Tore Sele

Den 12. mars tok halsnøybuen Olav Hilmar Koløy til i jobben med å leia den tradisjonsrike bedrifta i Rubbestadneset.

Framtida er usedvanleg spennande for LOS Marine AS, meiner Koløy.

– Satsinga med den nye dokken og klynga i Rubbestadneset kjem til å gi store ringverknader både i kommunen og regionen, men også i heile Norge, seier Koløy, i ei pressemelding som er sendt ut frå LOS Marine AS.

– Det er ein utruleg kunnskapsrik gjeng eg skal leia framover, slår Koløy fast.

– Denne kunnskapen skal me sørga for blir delt og overlevert til nye, yngre medarbeidarar i eit godt system. Me skal gjera fleire til «poteter»; allsidige, dyktige fagfolk som kan gjera mange ting. Det gir oss ein fleksibel organisasjon med evne til stor effektivitet. Me skal byggja ein større organisasjon framover og rigga oss for nye, interessante oppdrag, seier den nye, daglege leiaren.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.