annonse

Mann i 40-åra omkom i ulukke

FULL UTRYKKING
FULL UTRYKKING: Alle naudetatane kom til ulukkesstaden, men livet til mannen kunne dei diverre ikkje berga. ARKIVFOTO/ ILLUSTRASJON (Foto: )

POLITIET: Måndag 8. juli klokka 15:30 fekk politiet melding om ei ulukke ved Finnås på Bømlo. Ulukka hende under arbeid med eit rotvelta tre. Det utløyste full utrykking av alle etatar; brann, helse og politi, og luftambulanse kom til staden. Det vart utført førstehjelp, men diverre klarte dei ikkje å berga livet hans. Politiet opplyser at namnet til den omkomne enno ikkje er frigjeve (torsdag) av omsyn til pårørande.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.