annonse

“Maud” i Sunnhordland

Historisk: Seint måndag kveld vart Roald Amundsens polarskip «Maud» slept sørover igjennom Sunnhordland, skriv Sunnhordland.no. Skipet, som for om lag 100 år sidan vart bygd til Amundsen sin ekspedisjon gjennom Nordaustpassasjen, vart seld av Amundsen og sokk til slutt i 1931. Skipet vart heva av eldsjeler for to år sidan, og er no på veg heim til Vollen i Asker. Den siste etappen starta på Grønland for 46 dagar sidan, og skipet vart måndag kveld observert i Langenuen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.