annonse

Me har over tusen bedrifter i Bømlo

VERKSEMDER
VERKSEMDER: Totalt finst det no 1008 verksemder registrert i Bømlo kommune. Dette er alle organisasjonsformer. (Illustrasjonsfoto) (Foto: )
Kommune Mengda Nye Utvikling (%)

Ved inngangen til 2018 var det dryge tusen verksemder registrerte i Bømlo. Auken her lokalt har vore større enn det me ser elles i Kommune-Noreg.

  • Yngve Johnsen

Heilt ferske tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det i løpet av fjoråret var ein auke på 37 verksemder i Bømlo kommune. Så då landar ein på totalt 1.008 føretak per 1. januar 2018. Dette er då stort og smått, alt frå enkeltpersonføretak til AS.

Utviklinga i Bømlo

Auken tyder at det har vore ein vokster på 3,8 prosent i Bømlo, noko som er betre enn landsgjennomsnittet.

SSB fortel at mengda verksemder i Noreg har auka med 2,1 prosent det siste året. Dermed er det no dryge 577.000 bedrifter over heile landet. Av desse er over 88.000 å finne i Oslo.

– Den største hovudnæringa var varehandel og reparasjon av motorvogner. Omtrent 13 prosent av verksemdene tilhøyrde denne næringa, skriv SSB på nettsidene sine.

Utviklinga i Hordaland

Vi har sett nærmare på utviklinga i heile Kommune-Noreg, og finn veldig store forskjellar på utviklinga det siste året. På landsoversikta er det Kvitsøy kommune i Rogaland som tronar øvst, med ein vokster på heile 12,7 prosent.

Det er 81 kommunar i landet som har hatt ein nedgang i mengda bedrifter. Aller svakaste utvikling hadde Tjeldsund i Nordland, med minus ni prosent.

Når vi ser på fylka, så er det mest auke i Oslo og Akershus med 2,8 og 2,7 prosent vekst. Hedmark har minste auke med éin prosent. Hordaland har no 50.158 bedrifter, som er 2,6 prosent opp det siste året.

Mengd tilsette

I Hordaland ser vi at Samnanger kommune kjem best ut, då det her er ein vokster på 8,8 prosent i mengda bedrifter. Deretter følgjer Austevoll kommune, med ein auke på 8,2 prosent. På sisteplass i Hordaland finn vi Fedje kommune, der det har vore ein reduksjon på tre prosent.

Utviklinga på dei forskjellige plassane finn vi med å trekkje frå alle avviklingane og konkursane, og leggje til alle nye verksemder i verksemdsregisteret.

Frå SSB kan vi også hente ut mengda verksemder i kvar kommune som har ei visst mengd tilsette. Dei fleste enkeltpersonføretak har ingen tilsett i det heile tekne, då innehavar står personleg ansvarleg. I Bømlo er det 663 verksemder utan tilsette, mens det er 59 bedrifter som har 20 eller fleire tilsette.

Yngve Johnsen, En-to-tekst

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.