Bømlo-Nytt

Nyhende

Med kaptein, maskinsjef og stuert frå Bømlo

Med kaptein, maskinsjef og stuert frå Bømlo

Subsea-skipet «Viking Neptun» har vore på ein sjeldsynt visitt på heimlege traktar. Me tok turen til Eldøyane for å helsa på kapteinen, maskinsjefen og stuerten som alle er bømlingar.

Kaptein Terje Kallevåg (61) tek imot oss om bord på subsea-skipet som er kalla opp etter den romerske havguden. Me går opp på brua og har gjennomgang av ei sjekkliste som går på tryggleiken om bord.

Stort skip

Nytt skip

«Viking Neptun» er blant dei nyaste skipa i flåten til Eidesvik Offshore. Skipet vart overlevert frå Kleven Verft til Eidesvik Offshore 17. februar 2015. Det 145 meter lange og 31 meter breie skipet var då det største verftet hadde levert noko sinne. Kapteinen frå Kallevåg hadde då følgt prosjektet som Eidesvik sin plassjef. Skipet vart døypt i Stavanger drygt to veker seinare, og gjekk rett ut i kontrakt for Technip.

Henta deksel

God krankapasitet

Då skipet vart levert frå verftet vart det særskilt peika på den gode krankapasiteten. Skipet har tre kraner. Den største har ein kapasitet på 400 tonn, medan den andre hovudkrana har ein kapasitet på 100 tonn. I tillegg har skipet ei mindre kran.

God krankapasitet

– Skipet har og ein karusell for legging av fleksible røyr med kapasitet på heile 4.400 tonn. Dekkskapasiteten er på 2.600 kvadratmeter, og skipet har lugarkapasitet til 150 personar. «Viking Neptun» har også isklasse ICE 1B, som tyder at skipet kan operere i arktiske farvatn, stod det å lesa i pressemeldinga frå verftet i 2015. Så langt har ikkje skipet hatt bruk for isklassa. Snarare tvert imot.

Akterdekket

Basseng i baugen

Det er gått to og eit halvt år sidan «Viking Neptun» la ut frå kai etter dåpen i Stavanger. Kaptein Kallevåg fortel at skipet har vore lite på våre trakter i løpet av denne tida. Neptun har operert i Nordsjøen, både i norsk og britisk sektor. Sist vinter var skipet på langtur til Indonesia, og vinteren før gjekk turen til Ghana. Kapteinen, som fyller 62 år 20. august, seier skipet har segla i 32 grader varmt sjøvatn og i norsk sommarvêr. Saltvassbassenget i baugen har vore populært i sørlegare farvatn. Det var av naturlege årsaker tomt då skipet låg til kai på Eldøyane. Frå brua er det god utsikt over industriområdet på Stord og nærområdet rundt. Om me legg litt godvilje til kan me seie at kapteinen ser nesten heim til Kallevåg.

– Det er ikkje ofte me får sjansen til det.

Kapteinens lugar

Arbeid ut september

Det har vore tøffe tider i offshorebransjen. Fram til no har «Viking Neptun» likevel hatt godt med arbeid. Med unnatak av eit par kortare pausar har skipet vore i drift. På Eldøyane vart det lasta om bord deksel som skal dekkje undervassinstallasjonar i Nordsjøen. Skipet går for tida på kontrakt for Ocean Installer, som igjen utfører oppdrag for Statoil. Frå Eldøyane skulle turen gå vidare til Randaberg, før kursen vart lagt for «Gina Krog»-feltet, om lag 30 kilometer nordvest for Sleipner. Sidan skal skipet innom både «Oseberg» og «Johan Sverdrup»-feltet. Når arbeidet for Ocean Installer er gjennomført, skal Neptun inn på ein kort kontrakt for Reach Subsea. Deretter går turen går til Kristiansund. Skipet skal utføre ein jobb for Technip på Nornefeltet. Der skal det leggjast ned eit sugeanker, som er del av fundamentet for boring. Skipet har arbeid ut september månad.

Uteområde

– Reiarlaget jobbar med å finne nye kontraktar som er aktuelle for oss. Kundane våre er godt nøgde med jobben me har gjort, og skipet har godt rykte på seg, seier kaptein Kallevåg.

Basseng i baugen

100 om bord

Nye skip blir godt testa det første året etter at dei blir leverte. Då er det mykje som går seg til og ordnast. Når skipet no er to og eit halvt år gammalt er alt som det skal. Normalt har Eidesvik-reiarlaget eit mannskap på 30 om bord på skipet. Av dei er 13 nordmenn frå heile landet og 17 filippinarar. I tillegg kjem frå 40 til 70 personar frå selskapet Eidesvik har kontrakt med. Dermed har mellom 70 og 100 personar arbeidsplassen sin om bord.

Lokal kunst

– Då skipet var nytt vart det registrert på Bahamas. I dag er skipet registrert i Norsk internasjonalt skipsregister (NIS), så me har flagga heim. Det tyder at me kan ha opplæringsstillingar om bord, lærlingar og kadettar. Me har fire på kvart skift. Det er bra for rekrutteringa, meiner Kallevåg. Det er toskiftsrotasjon om bord på «Viking Neptun». Fire veker på og fire av i Nordsjøen. Seks veker på og seks veker av dersom skipet ligg langt unna norsk farvatn.

Opphaldsrom

Lang fartstid

Kallevåg har vore tilsett i Eidesvik Offshore sidan 1980, og han har vore kaptein sidan 1989. Det meste av tida har han arbeidd til sjøs, men han har også vore plassjef på verft medan skip har blitt bygde. Han fortel at han trivst godt i jobben i reiarlaget.

– Det er ein veldig grei arbeidsplass med mange interessante jobbar, seier han. Kapteinen fortel om ei god bysse om bord og høve til trening og fritidsaktivitetar for dei tilsette når dei går av vakt.

Aktivitet på akterdekket

Maskinsjefen

I tillegg til kapteinen er både maskinsjefen (chiefen) og stuerten bømlingar. Chief Petter Lønning er frå Bømmelhamn og busett på Karmøy. 55-åringen var med på sin første tur med Eidesvik-skip i 1992, og har med unnatak av eit opphald på halvanna år rundt år 2000 vore tilsett i reiarlaget.

– Eg får jobbe med mange flinke folk. Me har ein del utfordringar i det daglege, men det går fint når ein har så mange gode medarbeidarar på laget. Utstyret er topp moderne og me får servert god mat. Me lir ingen naud, seier han og smiler.

– De er ikkje langt heimanfrå no. Blir de likevel om bord, eller reiser de heim etter vakt?

– Me blir om bord. No kan me utføre vedlikehald som me normalt ikkje kan utføre ute på havet.

Chiefen og kapteinen

Hotellsjefen

Kallevåg syner rundt i skipet. Det er lunsjtid, og i messa blir det servert mykje god mat. Stuert om bord er Jørn Stokka (45) frå Siggjarvåg. Stuerten er hovudansvarleg for all innkvartering og forpleiing om bord. Stuerten har ei viktig rolle i det å sørgje for at dei tilsette på skipet har det bra når dei ikkje jobbar. Når det tidvis er over 100 personar om bord kan jobben hans best samanliknast med det å vera hotellsjef. Når det er så mange om bord er det hektisk aktivitet døgeret rundt. Stokka er også øvste ansvarleg for byssa. På kvart skift er det to kokkar, ein på dag og ein på natt. Det er fire måltid i døgnet. Frukost frå 0530 til 0700, lunsj frå 1100 til 1230, middag frå 1730 til 1900 og nattmat frå 2300 til 0030.

Stuerten og kokken

Moderne bysse

Utsikt til Siggjo

– Me tilpassar maten etter kven som er om bord. Me har norsk og filippinsk mat. I Indonesia hadde me muslimar om bord, og då var det viktig å merke maten godt og lage god mat til dei. Eg har arbeidd saman med dei to kokkane mine i 12 år. Me har eit godt samarbeid.

– Korleis er det å jobbe om bord på «Viking Neptun»?

– Eg trivst veldig godt. Skipet er blant dei største i reiarlaget, og me har det veldig greitt her. Eg var med i prosessen då skipet vart bygd, og har fått det nett som eg ville. Det er stor skilnad på arbeidstilhøva her samanlikna med supplyskip eg arbeidde på for berre 10–12 år sidan. Til dømes har me her heve- og senkebord i byssa, noko som gjer arbeidsbelastninga mindre, seier han og legg til:

– Me har vore i Afrika og Indonesia. Det var greitt å sjå Siggjo igjen frå skipet.

«Viking Neptun» viktig for Eidesvik

Miniubåten

ROV

På veg ned igjen tek me turen innom kontrollrommet til dei fjernstyrte miniubåtane (ROV). Tor-Sverre Bjerga er ROV-superviser i Reach Subsea. Han forklarer korleis miniubåtane både utfører kartlegging av havbotn, dokumentering og montering. Komponentar blir monterte på undervassinstallasjonar ved hjelp av armane på miniubåten. ROV´en, som både kan kutte kablar og skru, er kopla til skipet med kabel. Maksimal rekkjevidd er tre kilometer.

– ROV (remotely operated vehicle) er den moderne dykkaren og ein svært viktig del av subsea-operasjonane, seier han, i det lokalavisa tek farvel. Same kveld legg «Viking Neptun» frå kai med kurs mot Randaberg og «Gina Krog».

ROV

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no