annonse

Meiner Bømlo ligg gunstig til

FRAMTIDSVISJON
FRAMTIDSVISJON: Astrofysikar Eirik Newth delte sine framtidstankar med deltakarane på Sunnpodium. (Foto: Nils-Tore Sele)

Det skjer mest nyskaping i sentrale strók der folkesetnaden er størst. Eirik Newth meiner Bømlo har mange fordeler.

Nils-Tore Sele

– Sentralisering har vore ei sterk, ustoppeleg kraft og demografisk trend dei siste 200 åra. Ingenting tilseier at det vil stoppa opp. Ein får større grad av innovasjon der det bur flest menneske. Ei slik samling skjer der ressursane er. Bømlo er ein kommune som har mange fordeler. De ligg midt inne i ein sterk byregion på Vestlandet, sa Eirik Newth under Sunnpodium-konferansen.

Den kjende astrofysikaren, forfattaren og framtidstenkjaren viste til at Bømlo ligg midt i det sterke vekstområdet ein finn langs Vestlandet mellom Bergen, Haugesund og Stavanger. Den geografiske plasseringa er fordelaktig, og han meiner at Bømlo vil få bli med på både vekst og utvikling innan regionen.

– De er heldige som ligg i ein slik region av landet, med korte avstandar. Det må de gjera mykje ut av og leggja vekt på å byggja ut gode kommunikasjonar i form av vegar og bruer, poengterte Newth.

Newth er oppteken av ny datateknologi. I løpet av foredraget kom det fram at han sakna at det norske næringslivet var meir frampå innan utvikling av datateknologi. På mange måtar ligg me bak nabolandet Sverige, som har fått fram populære datatenester som musikkstrømming gjennom Spotify og dataspel som Candy Crush og Minecraft.

Newth støtta dei som tidlegare på siste sunnpodiumdag hadde snakka mykje om utvikling av ny datateknologi til bruk innan helse.

– Kanskje er det nettopp dette Norge bør satsa sterkt på framover. Lat oss gjera helse til det store, nye nasjonale prosjektet i åra som kjem, uttalte han.

nils.tore@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.