annonse

Miljøpartiet Dei Grøne Vestland

TO BLIR EITT
TO BLIR EITT: Grøne eldsjeler frå Hordaland og Sogn og Fjordane var i helga samla i Bergen for å stifta Miljøpartiet Dei Grøne Vestland. (Foto: Miljøpartiet Dei Grøne Vestland)

+ I helga blei fylkespartia til Miljøpartiet Dei Grøne i Hordaland og Sogn og Fjordane slegne saman til Miljøpartiet Dei Grøne Vestland.

Natalia Golis frå Hordaland blei vald til leiar for interimsstyret i fylkeslaget, medan Mariel Eikeset Koren frå Sogn og Fjordane blei vald til ein av to nestleiarar, fortel partiet på eigne nettsider.

Samferdsel blir ei viktig sak for det nye fylkeslaget.

– Vi ønskjer massiv satsing på rassikring og trygge vegar for heile fylket, auka ladenett for elbil og betre kollektivsatsing i heile fylket både på sjøen og på land. Både næringslivet, det offentlege og innbyggjarane skal kunna bevega seg trygt og elektrisk i heile fylket, seier Golis og Korèn. (©NPK)

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.