annonse

Miljøprinsessa går på batteri

Klar for avgang
Klar for avgang: «Viking Princess» skriv historie når skipet legg kursen for Skottland med batteripakke om bord denne veka. Snart er skipet tilbake på jobb for Chevron på oljefelta Alba North og Captain Oil Field i Skottland. Skipet har til vanleg eit mannskap på 15 på kvart skift, inkludert to kadettar. – Me har eit veldig stødig og godt mannskap om bord, seier kaptein Størkersen. Skipet vart i si tid teikna av Wärtsilä Ship Design og har Wärtsilä-motorar (Foto: Håvard Hammarstrøm)
LNG og batteri
LNG og batteri: Skipssida syner no at «Viking Princess» går på både flytande naturgass og batteri (Foto: Håvard Hammarstrøm)
I MOB-båt
I MOB-båt: Me kjem til «Viking Princess» med MOB-båt (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Her står begge kapteinane på brua saman med teknisk inspektør. Frå venstre
Begge kapteinane: kaptein Arild Fauske, teknisk inspektør Odd Kåre Mæhle og kaptein Kurt Jarle Størkersen. – Det er bra at begge kapteinane er her no. Det gjer overgangen til batteridrift enklare, seier Størkersen. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Det aller heilagaste
Det aller heilagaste: Teknisk inspektør Odd Kåre Mæhle syner innsida av containeren der batteriet er plassert. Sjølve batteriet er produsert av kanadiske Corbus Orca, men det er det nyutvikla energilagringssystemet til Wärtsilä som gjer heile dette prosjektet mogeleg. I denne containeren blir 1.000 volt likestraum frå batteriet konvertert til 690 volt vekselstraum. Containeren er todelt. I den andre delen står hjelpeutstyret til batteriet, med brannsløkkjesystem, trafo, kjølevasspumpe og frekvensomformar (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Mindre Batteripakke
Mindre Batteripakke: Batteripakka om bord på «Viking Princess» har fått plass i ein container i staden for to. Årsaka er todelt. «Viking Princess» er mindre energikrevjande enn «Viking Energy». I tillegg har batteriteknologien gått framover etter at «Viking Energy» fekk sine to containerar med batteripakke (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Batteripakke Made in Stord
Batteripakke Made in Stord: Containeren som det står «Hybrid system» på inneheld batteripakka som i sin heilskap er produsert av Wärtsilä på Stord. Containeren har ei vekt på 34 tonn. Stål og kablar kjem i tillegg. – Det ligg mange timar med planlegging og kreative løysingar måtte til for å få plass til utstyret, seier Mæhle. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
TEknisk inspektør
TEknisk inspektør: Odd Kåre Mæhle er teknisk inspektør i Eidesvik Offshore (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Hovudtavla
Hovudtavla: Mæhle fortel at det er gjort mange tilpassingar under dekk, ikkje minst her ved hovudtavla. Her ligg det mange meter kabel under dørken. Dette er Wärtsilä som har både elektroinstallasjon og batteristyringssystem. – Her var det ei tid 10–15 personar som jobba døgeret rundt. Installasjonen er ei suksesshistorie. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Hybrid
Hybrid: Mæhle syner det tydeleg beviset på at «Viking Princess» no er ein hybrid med batteriteknologi om bord (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Ekte Hybrid
Ekte Hybrid: «Viking Princess» går legg no kursen for Skottland som ein ekte hybrid. I tillegg til å vera meir miljøvennleg sparer skipet også oppdragsgivaren for drivstoffutgifter (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Godt samarbeid
Godt samarbeid: Wärtsilä, Westcon og Eidesvik Offshore har hatt eit godt samarbeid i samband med dette prosjektet. På biletet ser me site manager for Wärtsilä, Raymond Thornquist, chief Stein Gravdal i Eidesvik, Raymond Vaage (Wärtsilä) og Endre Strand (Eidesvik Offshore). – Dette er eit veldig spennande prosjekt for oss. Det er ikkje berre bilar som er hybride. No gjeld det også skip. Mannskapet skal merke liten skilnad på batteridrift og vanleg generatordrift, seier Thornquist. (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Filippinsk mannskap
Filippinsk mannskap: «Viking Princess» har norske offiserar og filippinsk mannskap. Kaptein Størkersen roser mannskapet sitt (Foto: Håvard Hammarstrøm)
I MOB-båten
I MOB-båten: Så er me på veg ned igjen i «heisen». MOB-båten blir heist ned skutesida (Foto: Håvard Hammarstrøm)
«Viking Princess»
«Viking Princess»: Då Bømlo-nytt var om bord vart dei siste finjusteringane gjennomførte før avreise til Skottland (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Rundt skipet
Rundt skipet: Før me legg kursen for kai i Ølen går me ein liten runde rundt «Viking Princess» (Foto: Håvard Hammarstrøm)
Regntung dag
Regntung dag: Om skipet kan liggje til sjøs berre på batterikapasitet kjem an på vind og vêr. Det var ein regntung dag i Ølsfjorden måndag (Foto: Håvard Hammarstrøm)
God tur
God tur: Me ønskjer «Viking Princess» god tur over Nordsjøen (Foto: Håvard Hammarstrøm)

«Viking Princess» er blitt «Sjøens Prius», ein ekte hybrid. Skipet til Eidesvik Offshore er det første supplyskipet i verda som har skifta ut ein generator med batteripakke.

Håvard Hammarstrøm

Det var banebrytande då Eidesvik Offshore tok i bruk ny batteriteknologi om bord på «Viking Energy». Dette var første gongen denne type teknologi vart nytta som del av kraftforsyninga om bord på eit supplyskip. Der kom batterikapasiteten i tillegg til den generatorkapasiteten som alt var om bord. På «Viking Princess» tek Eidesvik Offshore steget heilt ut. Den siste månaden er ein generator skifta ut med batteripakke.

Sjøens Prius

Toyota Prius vart ein av dei første bilane med hybridteknologi, og sette på mange måtar standarden for bilbransjen. Når «Viking Princess» no har erstatta ein generator med batteripakke, kan skipet med rette kallast sjøens Prius. Skipet hadde frå tidlegare Dual Fuel-teknologi frå Wärtsilä. Det vil seie at skipet kan gå på både flytande naturgass (LNG) og diesel. No har skipet altså i tillegg fått batteri som del av kraftforsyninga. Ikkje berre sparer det miljøet for betydelege klimagassutslepp. Batteriet reduserer også drivstofforbruket. Dermed sparer kunden også pengar.

Wärtsilä og Westcon

Det er nesten nøyaktig fem år sidan H.K.H kronprinsesse Mette-Marit døypte «Viking Princess» i Bergen

(filmen under er henta frå Kongehuset sin Youtube-kanal)

Skipet skulle på desse tider i år inn til femårsklassing. Det er DNV i Haugesund som har klassa skipet. I samband med denne klassinga blir alt under havoverflata sjekka, skipsbotn, propellar og ventilar. I tillegg var det planar om å skifte ut ein generator med batteripakke, og då skipet fekk også problem med ein av sine eksisterande generatorar passa det ekstra godt å gjera dette samstundes. DNV godkjenner også batteripakka om bord med ei eiga klasse.

Skipet går for tida på kontrakt for Chevron i britisk sektor med base i Aberdeen. Chevron gav skipet løyve til å gjennomføre både femårsklassing og utskifting av generator med batteripakke i månaden som har gått. Arbeidet er utført av Wärtsilä i samarbeid med Westcon.

LNG og batteri
LNG og batteri: Skipssida syner no at «Viking Princess» går på både flytande naturgass og batteri Foto: Håvard Hammarstrøm
Her står begge kapteinane på brua saman med teknisk inspektør. Frå venstre
Her står begge kapteinane på brua saman med teknisk inspektør. Frå venstre: kaptein Arild Fauske, teknisk inspektør Odd Kåre Mæhle og kaptein Kurt Jarle Størkersen. – Det er bra at begge kapteinane er her no. Det gjer overgangen til batteridrift enklare, seier Størkersen. Foto: Håvard Hammarstrøm

Siste innspurt

«Viking Princess» kom frå Skottland og la til kai i Ølensvåg 3. september. Måndag ettermiddag denne veka vart Bømlo-nytt invitert om bord. Turen gjekk med mob-båt frå kai i Ølen og ut til skipet som låg midtfjords. Om bord vart dei siste testane, tuning og justeringar, gjennomførte før returen til Skottland.

– I løpet av denne veka skal skipet vera på veg tilbake til Skottland. Det er me ganske sikre på ja, seier teknisk inspektør i Eidesvik Offshore, Odd Kåre Mæhle. Han møter lokalavisa på brua saman med kaptein Kurt Jarle Størkersen.

Det aller heilagaste
Det aller heilagaste: Teknisk inspektør Odd Kåre Mæhle syner innsida av containeren der batteriet er plassert. Sjølve batteriet er produsert av kanadiske Corbus Orca, men det er det nyutvikla energilagringssystemet til Wärtsilä som gjer heile dette prosjektet mogeleg. I denne containeren blir 1.000 volt likestraum frå batteriet konvertert til 690 volt vekselstraum. Containeren er todelt. I den andre delen står hjelpeutstyret til batteriet, med brannsløkkjesystem, trafo, kjølevasspumpe og frekvensomformar Foto: Håvard Hammarstrøm

Kontrakt til nyttår

Kapteinen fortel at skipet for fem år sidan gjekk inn på kontrakt for Statoil. Ei tid gjekk skipet under Bahamas-flagg, men no er skipet inne i NIS og går under norsk flagg. Heimehamn er Haugesund, No går skipet på kontrakt for Chevron i Skottland. Kontrakten med det amerikanske oljeselskapet går ut ved nyttår, men kapteinen håper at Chevron vel å forlengje.

– Dei ønskte at me skulle få batteripakka om bord. Me er veldig glade for at dei vart med på dette, seier Størkersen. Skipet har isklasse og kan operere i arktiske farvatn. Skipet har hatt lite nytte av isklassa så langt, og i Skottland er det lite aktuelt å tanke LNG sidan hamnene her ikkje er tilpassa slik tanking.

– Me tanka båten full av LNG før me gjekk til Skottland, men har gått mest på diesel. Me skulle ønskje me kunne gå på LNG også der, men det let seg ikkje gjera. Om bord, blant mannskapet, er miljøfokuset viktig. Me er veldig godt nøgde med kontrakten vår med Chevron. Med marsjfart på 10 knop kan me til dømes gå med ein motor. Det får me lov til av Chevron, og me har aldri vore forseinka, understrekar Størkersen.

Til kai på batteri

– På «Viking Energy» vart drivstoffkostnadene reduserte med 17 prosent. Me reknar med minst det same på «Viking Princess», seier Mæhle. Årleg CO2-utslepp kan bli redusert med mellom 13 og 18 prosent. «Viking Princess» hadde to store og to små generatorar. Det er ein av dei to små som no er skifta ut med batteripakke.

– Me testar batteripakken grundig no før me går tilbake til Skottland. Men me har uansett dei to store generatorane og den eine vesle og er fullt operative sjølv utan denne, seier Størkersen. Dei to store generatorane er på 2.500 KW kvar, medan den vesle har ein kapasitet på 1.000 KW. Mæhle legg til at alt skal fungere når skipet legg kursen mot Skottland.

– Når me ligg til kai kan me gå på batteri i nær to tredjedelar av døgnets 24 timar. Det reduserer også vedlikehaldsintervalla. Me er veldig glade for å vera ein del av eit reiarlag som satsar på å vera heilt i front i satsing på miljøteknologi. Det står respekt av å satse på denne måten i den tida me no er inne i, seier Størkersen. Han fortel kva eksos dei ser frå skip til kai ikkje berre i Aberdeen, men også i ein by som Bergen. Når «Viking Princess» går på batteri ved kai er det heilt stille om bord.

– For ein som er utdanna maskinsjef er dette ganske fascinerande. At det er stille har gjerne vore eit teikn på at noko er gale, seier Mæhle med eit smil.

TEknisk inspektør
TEknisk inspektør: Odd Kåre Mæhle er teknisk inspektør i Eidesvik Offshore Foto: Håvard Hammarstrøm

Bømlingar i maskinrommet

Også når skipet ligg ute på feltet kan batteridrift nyttast til å redusere drivstofforbruk og ureining, alt etter kva vêr og vindtilhøva tilseier.

– Når me ligg på DP (dynamisk posisjonering er eit system som gjer at skipet held nøyaktig posisjon på sjøen) er drivstoffreduksjonen på «Viking Energy» på 27 prosent. Me reknar med noko tilsvarande, Det gjer skipet attraktivt i marknaden, seier Mæhle.

Godt samarbeid
Godt samarbeid: Wärtsilä, Westcon og Eidesvik Offshore har hatt eit godt samarbeid i samband med dette prosjektet. På biletet ser me site manager for Wärtsilä, Raymond Thornquist, chief Stein Gravdal i Eidesvik, Raymond Vaage (Wärtsilä) og Endre Strand (Eidesvik Offshore). – Dette er eit veldig spennande prosjekt for oss. Det er ikkje berre bilar som er hybride. No gjeld det også skip. Mannskapet skal merke liten skilnad på batteridrift og vanleg generatordrift, seier Thornquist. Foto: Håvard Hammarstrøm

Størkersen legg til at to av maskinsjefane om bord, Helge Vespestad og Gunnar Lønning, er bømlingar utdanna ved Rubbestadnes vidaregåande skule, der også Mæhle har si utdanning frå.

– Det er gjerne viktig å få fram i desse tider, seier Størkersen. Enova dekkjer 45 prosent av kostnaden ved prosjektet. Det skulle tyde at totalinvesteringa ligg på rundt 14,5 millionar kroner.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.