annonse

Miljøprisar til Eidesvik Offshore

Prisvinnaren
Prisvinnaren: Eidesvik Offshore og Wärtsilä får miljøprisen til OSJ for å ha gjort supplyskipet «Viking Princess» til ein ekte hybrid som kan gå på ein kombinasjon av batteri og flytande naturgass (LNG), eventuelt diesel dersom LNG ikkje er tilgjengeleg. (Foto: arkiv/Håvard Hammarstrøm)

Supplyskipet «Viking Princess» vart onsdag kveld tildelt den internasjonale miljøprisen til Offshore Support Journal (OSJ).

Håvard Hammarstrøm

Eidesvik Offshore har også fått prisen «Most Eco Concious Shipping Company 2018» i 2018 Clean Energy Awards.

Prestisjetung pris frå OSJ

Den prestisjetunge miljøprisen til OSJ blir tildelt ei verksemd, eit prosjekt eller eit produkt som har bidrege til vesentleg reduksjon av miljøutslepp frå supplyskip. Nominasjonane vart kunngjorde i desember, og her kom det fram at Eidesvik Offshore og Wärtsilä var nominerte for arbeid gjort på supplyskipet «Viking Princess».

– Dette er ein gjev pris å vinne, seier i visepresident for teknologi og utvikling i Eidesvik Offshore, Vermund Hjelland.

Banebrytande

«Viking Princess» var i fjor haust det første supplyskipet i verda som erstatta ein tradisjonell generator med batteripakke, og som dermed vart ein ekte hybrid. Eidesvik Offshore har saman med samarbeidspartnar ar som Wärtsilä teke steg for steg i det å ta i bruk batteriteknologi som del av energiforsyninga om bord på supplyskip.

I «Viking Energy» vart det for første gong sett batteripakke om bord i eit supplyskip som del av kraftforsyninga om bord. Her kom batteripakka i tillegg til generatorkapasiteten som alt var om bord. I «Viking Princess» vart altså ein eksisterande generator skifta ut med batteripakke.

LNG og batteri

«Viking Princess» kan no nytte ein kombinasjon av flytande naturgass (LNG) og batteridrift når skipet er i drift. I høve konvensjonelle dieselskip sparer skipet miljøet for betydelege utslepp av klimagassar. Skipet som går på kontrakt for Chevron North Sea Limited i Skottland har redusert CO2-utsleppa med mellom 13 og 18 prosent, og drivstofforbruket er også betydeleg redusert.

Då Bømlo-nytt vitja skipet ved Westcon i Ølen i slutten av september, sa teknisk inspektør Odd Kåre Mæhle i reiarlaget at skipet truleg ville kunne liggje til kai på batteri i to tredjedelar av døgnets 24 timar. Det bidreg også til betydeleg reduksjon av lokal ureining frå skipet når det ligg til kai i Aberdeen. Skipet kan også liggje ute på feltet på dynamisk posisjonering (DP) med rein batteridrift.

I MOB-båt
I MOB-båt: Me kjem til «Viking Princess» med MOB-båt Foto: Håvard Hammarstrøm

Markering i London

Ifølgje OSJ er konferansen i London denne veka den største internasjonale konferansen i sitt slag for offshore support-industrien. Under fjorårets konferanse var det over 500 påmelde. Eidesvik Offshore og Wärtsilä tok imot miljøprisen under gallamiddagen på konferansen onsdag kveld.

– Det er veldig stas å få ein slik internasjonal pris for ei satsing på utvikling av klima- og miljøteknologi som starta tidleg på 2000-talet. Det har vore ei lang reise med mange oppturar, men der me i starten hadde nokre nedturar. No er det blitt tradisjon at Eidesvik Offshore er først i verda i satsinga på ny miljøteknologi. Det er kjekt at dette blir sett tydeleg pris på, seier Hjelland til Bømlo-nytt.

Fjør i hatten

Bedriftsdirektør Jan Lodden legg til at dette er ei fjør i hatten, både for dei som jobbar med teknologi og utvikling i Eidesvik og Wärtsilä, men også for dei som har sin arbeidsplass om bord på skipa. Satsing på ny miljøteknologi er heilt avhengig av dedikerte tilsette om bord som går hundre prosent inn for å ta den nye teknologien i bruk. Hjelland er samd.

– I løpet av dei siste ti åra har me redusert energiforbruket i skipsflåten vår med om lag 20 prosent. Om lag halvparten kjem som følgje av operative tiltak, nye måtar å arbeida på. Dette er noko me også håper skal komme andre til gode, seier han.

Hybrid
Hybrid: Mæhle syner det tydeleg beviset på at «Viking Princess» no er ein hybrid med batteriteknologi om bord Foto: Håvard Hammarstrøm

Hybridflåte

– Kva er neste steg? Eit supplyskip som går berre på batteri?

– Nei, me har ikkje mål om det på lang sikt. Men me ser føre oss at me i løpet av eit lite tiår kan ha same miljøteknologi som i «Viking Princess» i heile skipsflåten vår. Dette markerer eit teknologiskifte som nok også vil føre med seg satsing på batteriteknologi i nybygg, svarer Hjelland.

– Ein pris som dette inspirerer og gir oss motivasjon til å satse vidare miljøvenlege løysingar. Me må også nemne eigarane våre som satsar på eit slikt utviklingsprosjekt i vanskelege tider, legg Lodden til.

– For å få miljøprisen frå OSJ måtte de få nok røyster frå publikum. Det må vera ekstra hyggjeleg å bli røysta fram til ein slik pris?

– Ja, det er jo kjekt å få ein pris der det ikkje er ein jury på tre som har vald ut prisvinnaren, stadfester Hjelland.

– Dette er ein pris me får saman med Wärtsilä. Me har hatt eit veldig godt samarbeid i utviklinga av ny miljøteknologi i over 15 år.

Gir nye kontraktar

– No har «Viking Princess» vore i drift nokre månader med den nye batteripakka om bord. Kva er røynslene så langt?

– Først må eg seie at satsinga på batteriteknologi nok var utslagsgjevande for at me fekk ein ny 18 månader lang kontrakt med Chevron, seier Lodden, før Hjelland legg til:

– Så langt er resultatet i tråd med forventningane, men me evaluerer bruk av batteripakka først etter eit halvt års drift. Me ser likevel at me sparer drivstoff tilsvarande om lag 15 prosent totalt, og på enkelte operasjonar som å liggje på DP er bruk av drivstoff redusert med om lag 30 prosent. Det er mykje. Drivstofforbruket i hamn er redusert med om lag 20 prosent.

Ytterlegare ein pris

Denne veka vart det også kjent at Eidesvik Offshore får pris under 2018 Clean Energy Awards i regi av Global Energy News Magazine. «Most Eco Concious Shipping Company» blir tildelt selskap som reduserer utslepp og negativ påverknad på klima og miljø på ein økonomisk berekraftig måte.

Reiarlaget var også nominert til Rystad Energy-prisen Gullkronen 2018 i kategori «Green Initiator of the Year» i konkurranse med Statoil, Aker BP og Total Norge. Her var det til slutt Statoil som vart kåra til vinnar.

– Berre det å bli nominert til den prisen var ei ekstra fjør i hatten for oss, seier Lodden.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.