annonse

Milliardkontrakt til Wärtsilä

Nytt konsept
Nytt konsept: Det er tinga fire tankarar av denne typen som alle skal ha Wärtsilä sitt nyutvikla drivstoffsystem om bord (Foto: Teekay/Wärtsilä)
Wärtsilä sin leveranse omfattar:

Kontrakten mellom Wärtsilä og Teekay blir omtalt som den største kontrakten for Wärtsilä på Stord noko sinne. Kontrakten har ein verdi på om lag 1,1 milliard kroner.

Håvard Hammarstrøm

Teekay er verdas største leverandør av skytteltankartenester. Skytteltankarar blir nytta til å transportera olje frå produksjonsfeltet offshore til landbaserte terminalar. Selskapet har no skrive kontrakt på fire fartøy av ein ny generasjonen bøyelastarar. Skipa skal byggjast av Samsung Heavy Industries (SHI) i Sør-Korea, og vil innehalde eit breitt spekter av Wärtsilä sine siste teknologiske innovasjonar, heiter det i pressemeldinga som vart sendt ut tysdag føremiddag.

Milliardkontrakt

Kontraktane med Wärtsilä har ein samla verdi på om lag 1,1 milliard kroner. Dei vart signerte i førre månad og no i januar. Bakgrunnen for kontraktane er at Teekay og Wärtsilä i fellesskap har utvikla eit nytt konsept for skytteltankarar, basert på ny og miljøvenleg teknologi. I tillegg til å gje reiarlaget økonomisk vinst vil det nye framdriftssystemet kunne redusere årleg utslepp av CO2 med meir enn 40 prosent samanlikna med konvensjonelle bøyelastarar, står det å lesa.

Nytt drivstoffsystem

Bøylelastarane vil vera dual fuel. Det nyttar flytande naturgass som hovuddrivstoff, men kan også gå på diesel når dette er naudsynt. Det som er nytt og banebrytande med det nye framdriftssystemet er at skipa også kan hente drivstoff frå gassen som fordampar frå oljetankane under lasting. Denne gassen blir gjenvunne og nytta i ein kombinasjon med LNG som drivstoff. Desse gassane blir gjerne omtalt som VOC, eller flyktige organiske forbindingar. Å nytte VOC gir dobbel vinst ved at det sparer drivstoffkostnader og sparer miljøet for utslepp. Ikkje minst gjeld det NOx-utslepp som kan bli redusert med over 80 prosent. Svoveloksidutsleppa kan bli nesten eliminert. Redusert trong for å fylle drivstoff sparer også reiarlaget for tid når skipet ligg til kai.

Milepæl

Det å kunne ta i bruk VOC i drivstofforsyninga blir sett på som ein milepæl.

– Konseptet er nok ei stadfesting på at Wärtsilä har emna til å gjera shippingnæringa grønare og meir lønnsom gjennom å utvikla og ta i bruk ny teknologi. Desse skipa vil ha enorm operativ fleksibilitet, og oppnå det alle operatørar i dag ønskjer, nemleg optimale miljømessige og økonomiske ytingar, sier Roger Holm, President, Wärtsilä Marine Solutions.

– Dette nye skytteltankerdesignet vil setta ny standard både for CO2-utslipp og drivstoff-forbruk, seier Terje Rusdal, prosjektleiar i Teekay. Det blir påpeika at det nye systemet også vil resultera i reduserte arbeidstimar for motorane med tilhøyrande lågare vedlikehaldstid og kostnadar.

– Ein snakkar her om ein gevinst som tilsvarer utslepp frå meir enn 30.000 personbilar per år per skip, seier Jane C.S. Junger som er Communication & Marketing Manager i Wärtsilä Norway.

Utvikla på Stord

– Dette er eit nytt og unikt konsept utvikla i elektro- og automasjonsmiljøet på Heiane i nært samarbeid med Teekay sitt avdelingskontor i Stavanger. Egil Hystad og Svein Magne Djuve frå Wärtsilä på Stord er opphavsmenn. Teekay kom til Wärtsilä på Stord for å få hjelp til å utvikla noko heilt nytt, opplyser Junger.

– Eit tradisjonelt fartøy med dieselmotor vil ha eit system for framdrift med aksling mellom motor og propell. Dette betyr same turtall uansett fart. For ein dieselmotor som går på låg hastighet vil dieselforbruk i forhold til effekt ofte vera høgt (ergo kjem det unødige utslepp, nedsoting og vedlikehaldsutgifter i tillegg). Det nye konseptet er eit diesel-elektrisk framdriftssystem med fleire mindre dieselmotorar, som igjen er kopla til kvar sin elektriske generator, som gir kraft til det elektriske anlegget om bord. Dette er kraftelektronikk i praksis, eit fagområde der kunnskapen på Heiane er i verdstoppen, seier Dagfinn Botnen, leiar av Elektro- og automasjonsavdelinga til Wärtsilä på Stord. Utviklinga av systemet for VOC-fangst har fått støtte frå ENOVA.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.